Løyve til utfylling i GangstøvikaÅlesund kommune får løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø Gangstøvika, gnr. 137 bnr. 100. Planen er å fylle ut med om lag 107 000 m3 massar over eit areal på 7 500 m2 som eit ledd i sikringa av det gamle avfallsdeponiet i området og for å kunne nyttiggjere arealet i tråd med reguleringsplan. Utfyllinga skal etter plana utførast haust 2022 - vinter 2023. Vedtak med løyve kan lesast på nettsida til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker. Sist endra 24.10.2022 09.41