Annonsar og kunngjeringar

Kunngjering: Vedtak i namnesak Stranden

Kartverket har gjort vedtak om at skrivemåten for eigedomen med bruksnummer 324/11 i Ålesund kommune skal vere Stranden.

Vedtak

Kartverket vedtek med heimel i § 5 tredje ledd og § 7 tredje ledd i lov om stadnamn at bruksnamnet 324/11 skal skrivast Stranden. Skrivemåten er vedteken utan lokal høyring.

Bakgrunn

Grunneigar Gunnar Sigmund Hildre ba om å få fastsett skrivemåten Stranden for sin eigedom, bruksnummer 324/11 i Ålesund kommune. Stranden er nytta som skrivemåte i matrikkelen, og grunneigar har rett til å få denne skrivemåten for bruksnamnet (sjå Stadnamnlova § 5 tredje ledd).

Klage

Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå denne kunngjeringa (jf. § 9 i forskrift om stadnamn).

Klage på eigarfastsett skrivemåte av bruksnamn etter lova § 5 tredje og fjerde ledd kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved sakshandsaminga, jf. forskrift om stadnamn § 10.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket (post@kartverket.no) med kopi til kommunen (postmottak@alesund.kommune.no). Klaga skal grunngjevast.

Frist: 24. september
 

Til toppen