Kunngjering – innmelding av interesse for tunnelmasse

Kunngjering – innmelding av interesse for tunnelmasse

Ålesund og Sula kommune planlegg felles avløpsreinseanlegg i området Vegbust – Kvassneset i Sula kommune. I tilknyting til regulering av areal og detaljprosjektering skal disponering av tunnelmassar avklarast. Alle som har interesse og behov for tunnelmasse oppmodast om å melde interesse.

Dei som melder interesse vil verte invitert til drøftingsmøte med sikte på å inngå intensjonsavtale.
Aktuelt massevolum med atterhald om at prosjektering ikkje er ferdigstilt: 150 000 fm³ (faste kubikk)

  • Tentativ framdriftsplan for berguttak: 3. kvartal 2023 – 1. kvartal 2027.
  • Bergart: Granittisk gneis. 
    • Eksempel på bruk av tunnelmasse: Fylling (sjø, voll, skråning), vegbygging og tilslag i betong.
  • Kvalitet: Gneis har erfaringsmessig gode mekaniske eigenskapar, men det er ikkje utført eiga testing av eignaheit på stadleg bergart. Analyse av eignaheit vil utførast på borkjernar frå kjerneboring hausten 2022. Det planleggast bruk av elektroniske tennsystem og stålfiberarmert sprøytebetong på prosjektet som blir venta å vilje sterkt vil redusere problem med spreiing av plast ved eventuell fylling i sjø.

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål kan ingeniørgeolog Ingvild Lausund kontaktast på e-post ingvild.lausund@multiconsult.no eller telefon 95 84 99 75.

Meld din interesse

  • E-post til post@sula.kommune.no innan 1. august.
  • Merk mail med «Melding om interesse for tunnelmasse – felles avløpsreinseanlegg».

Frist: 1. august 2022

Ansvarleg: Sula og Ålesund kommune - Kvasnes RA

Til toppen