Viktig informasjon om korona

I fokus

Sommarskolen i Ålesund

Alt frå eSport til friluftsliv, frå 27.mai kan barn og unge melde seg på sommarskole. Men, for at flest mogleg skal få delta kan kvar elev berre søke på ein aktivitet. Glade barn med hendene i været på et berg - Klikk for stort bilete 

— Vi har heile 1600 gratisplassar fordelt på 50 ulike kurs! For at flest mogleg skal få delta på det dei vil, må kvar elev kun søke på ein aktivitet i den veka som passar i sommar, fortel kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal.   

Han forklarar vidare at grunnen til at ein berre kan melde seg på eit kurs er fordi nokre kurs tilbyr 10 plassar, medan andre har opp mot 50 plassar per veke.   

—  Vi ønsker også at alle skal ha lik moglegheit til å få plass, uavhengig om dei treng tilrettelegging eller ikkje.   

Påmelding skjer i Tikkio  

Full oversikt over tilboda og praktisk informasjon ligg på ei eiga heimeside på alesund.kommune.no/sommarskolen Påmeldinga opnar 27. mai klokka 12.00 og vil vere open fram til 6. juni klokka 23.00. Sjølve påmeldinga blir gjort i bilettsystemet Tikkio.   

— Etter påmelding får ein informasjon og oppfølging vidare frå sjølve arrangøren, fortel han vidare.  

Takknemleg for eit mangfaldig tilbod  

Rødal rettar til slutt ei takk til dei kommunale verksemdene, næringslivet og dei frivillige organisasjonane.   

—  Eg er mektig imponert over den store interessa til arrangørane som vil bidra til å gi barn og unge ein aktiv og god sommar. Ein stor takk vil eg òg rette til vår stab som på kort tid har lagt til rette for at dette er mogleg. 

Sjå samlesida vår om sommarskolen i Ålesund kommune. 

Til toppen