Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

I fokus

No kjem dei kommunale årsgebyrene og eigedomsskatten

Klikk for stort bilde Peder Otto Dybvik Fakturaen vil vere den første av totalt fire fakturaer i 2020 knytt til årsgebyrene og eigedomsskatten. Det er fleire endringar som du som abonnent bør vere merksam på.

I løpet av mars vil fakturaer for kommunale årsgebyr knytt til vassforsyning, avløp, eigedomsskatt, avfall, slamtømming og feiing/tilsyn sendes ut. Dette er det du må vere merksam på. 

Nye forskrifter for vass- og avløpsgebyr

Kommunestyret vedtok i november 2019 nye forskrifter for vass- og avløpsgebyr som no gjeld heile den nye kommunen. Alle vil no få eit todelt gebyr samansett av eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Forbruksgebyret vil vere utrekna på grunnlag av målt forbruk eller stipulert på grunnlag av areal. Abonnementsgebyret vil vere differensiert ut frå brukskategoriar der det mellom anna no vil verte rekna eitt abonnementsgebyr pr. bueining i alle bustadbygg. Dette vil også gjelde innanfor burettslag og andre typar av sameige.

For nærare informasjon, sjå vedtatt betalingsregulativ og/eller forskrift.

Alt kjem no på same faktura

Tidlegare har ÅRIM sendt ut fakturaer knytt til avfall og slamtømming i to av dei tidlegare kommunane.

No  vil kommunen sjølv sende ut faktura for desse tenestene for heile den nye kommunen. I område med private vassverk vil likevel vassverka fakturere for sine tenester slik som tidlegare.

For dei kommunene som har eigedomsskatt vil faktura innehalde dei kommune årsgebyra og eigedomsskatten. 

Auke i gebyr

Dei fleste abonnentane vil oppleve ein gebyrauke. Gebyra vil vere knytt opp mot dei kostnadane kommunen har for dei ulike tenestene, og kommunen har ikkje høve til å ta inn meir i gebyr enn tenestene kostar. Investeringar som har vore gjort og dei planlagde store investeringane framover vil imidlertid påverke gebyrnivået og medføre ein generell auke.

Klage på gebyra

Storleiken på gebyra er fastsett av kommunestyret gjennom forskrift og kan ikkje påklagast. Oppdagar ein feil i gebyrgrunnlaget må dette meldast skriftleg til kommunen gjennom digitalt skjema gjennom e-post til postmottak@alesund.kommune.no, eller gjennom brev til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 ÅLESUND.

Hugs å opplyse om kva eigedom (gnr/bnr) meldinga gjeld. Tilsendt faktura må likevel betalast, men eventuelt til gode beløp vil bli kreditert på neste faktura.

Betalingsutsettelse

Kommunen har innført 4 betalingsterminar pr år og du kan ikkje avtale andre betalingsrater som fast ordning. Dersom du får betalingsvanskar for nokon av terminane er det likevel viktig at du tek kontakt med kommunen for å avklare om det er grunnlag for særskild betalingsavtale.

Fakturaen frå kommunen innehelder opplysningar om korleis du kontaktar kommunen for førespurnad om betalingsavtale.

Antal terminar

Årsgebyra vil vere fordelt på fire terminar, dvs. at det vil bli sendt ut fakturaer i kvart kvartal.

Eigedomar med eigedomsskatt vil få krav om denne på same fakturaen som årsgebyra.

Til toppen