No får innbyggarane i Ålesund ny rekning for betaling av vatn og avløp, renovasjon, slam og feiing. Nokre får faktura for betaling av eigedomsskatt (dette gjelder bare tidligare Sandøy, Skodje og Ålesund) mens nokre også har privat avtale for vatn, dei får derfor ikkje faktura frå dette med kommunen.
Endring for 3. termin
Vi har gjort ei endring for posten "Feiegebyr". Han heiter no "Feie og tilsynsgebyr".
Slik får du fakturaen
Faktura får du i løpet av uke 44.
Du finn faktura og sum på Mi Side her på kommunen si heimeside.
Logg inn på Mi Side.
Samleside for kommunale avgifter
Sjå eiga tenesteside for kommunale avgifter.
Her finn du svar på generelle fakturaspørsmål, kontaktinformasjon, kva postene på fakturaen betyr, prisar og vassmålarkalkulator.
Frå fire faktura til tre i 2020
Normalt ville du fått fire rekningar frå kommunen i løpet av eitt år. I 2020 kjem det berre tre rekningar. Men det samla beløpet du skal betale inn, er det same som før.
Det betyr at kvar av dei tre fakturaene blir litt høgare, enn om du skulle betale gebyra over fire terminar.