Klage på gebyr på kommunale avgifter og eigedomsskatt

Ålesund kommune trekk tilbake faktura for eigedomsskatt og gebyr. Ønsker du å klage på grunn av feil i gebyrgrunnlaget eller eigedomskatten kan du enten gjere det via vårt digitale klageskjema, e-post til postmottak eller ordinær post. Du finn meir informasjon om innsending av klage på vår temaside om kommunale avgifter og eigedomsskatt.

I fokus

Informasjonskanalar i ny kommune

Fram mot nyttår skal dei fem kommunane sine informasjonskanalar bli slått saman. Dette gjeld både heimesider og sosiale mediekanalar. Her får du oversikta.

Med kanalar for både Haram, Sandøy, Ørskog, Skodje og Ålesund kommune og prosjektet «nye Ålesund» er det i nokre tilfelle både dobbelt og trippelt opp med kanalar, som kan verke rotete når vi no går inn i ein ny kommune.

Dette gjeld både heimesider og sosiale mediekanalar.

For at du enklast mogleg skal kunne finne det du leitar etter, vil vi framover byrje å samordne alt til innanfor ny «Ålesund kommune».

Fram mot nyttår vil du derfor kanskje merke at heimesider og sosiale mediekanalar vil verte endra.

Kva blir heimesideadressa?

Frå 16. desember vil den nye kommunen si heimeside ha nettadressa www.alesund.kommune.no.

Informasjonen som ligg på denne nettsida vil bli oppdatert og korrigert i løpet av desember og inn i det nye året.

Nettadressa til Haram, Sandøy, Ørskog og Skodje kommune vil bli inaktiv etter nyttår, men du vil kunne nå tak i informasjonen til alle dei fem kommunane der ei tid framover etter årsskiftetvia den nye nettsida.

I samanslåingsprosjektet har vi nytta www.nyealesund.no til å spreie informasjon. Denne sida vil også bli inaktiv, men vil vere tilgjengeleg ei stund etter nyttår på same måte som dei gamle nettadressene.

Kva skjer med sosiale mediekanalar?

Facebook

Facebook-sida for den nye kommunen vil ha adressa www.facebook.no/alesundkommune

Undersider (t.d. for avdelingar, skular eller andre tenester) vil verte vidareført dersom det ikkje er grunn til å endre dei med omsyn til kommunenamn eller avdelingsnamn. Er sidene inaktive eller at dei ikkje lenger er i bruk , vil dei bli avslutta.

Instagram

Ørskog, Ålesund og Haram kommune har kvar sin profil på Instagram.

Kontoen Nye Ålesund kommune vil bli gjort inaktiv, og kontoen Ålesund kommune vil halde fram som offisiell konto for den nye kommunen.

LinkedIn

Ørskog kommune, nye Ålesund kommune og Ålesund kommune har hatt kvar sine profilar.

Dei andre kommunane har ikkje det. Ørskog-kontoen og nye Ålesund-kontoen er derfor avslutta, medan kontoen Ålesund kommune blir vidarført med oppdatert kontaktinformasjon.

Dei som har oppført Ørskog kommune som arbeidsgjevar i nettsamfunnet vil ikkje merke på CV-en sin at sida er fjerna.

Snapchat

Ingen av kommunane har hatt eigen brukarkonto på Snapchat. Det blir derfor ikkje oppretta ein slik konto.

Twitter

Kontoen Ålesund kommune vil halde fram som offisiell konto for den nye kommunen. Haram, Sandøy, Ørskog og Skodje kommune har ikkje hatt eigen Twitter-konto.

YouTube

Haram, Sandøy og Skodje kommune har alle eigne kanalar. I tillegg har prosjektet nye Ålesund hatt sin eigen konto.

Hovudkanalen vil vere den som vart oppretta i samanslåingsprosjektet, då dette er den med flest opplastingar. Aktuelle opplastingar frå dei andre kontoane vil bli lasta ned og eventuelt lasta opp igjen på den nye kanalen.

Ørskog kommune har ikkje hatt eigen YouTube-konto.

Til toppen