I fokus

Hels på Kari, den nye digitale medarbeidaren vår

Klikk for stort bildeKommune-Kari Lurer du på noko om tenestene og tilboda i kommunen? No kan vår nytilsette Kari svare deg – kor  tid som helst på døgnet.

Kven er Kari?

Kommune-Kari, som er det fulle namna hennar, er tilsett på Innbyggartorget. Ho er chatbot, det vil seie at ho er ein virtuell robot som skal svare på spørsmål via chat.  Ho jobbar heile døgnet, blir smartare for kvar dag og er alltid like blid!

Kari kan snakke både nynorsk og bokmål.

Kvar finn du Kari?

Kari bur på nettsida til Ålesund kommune, nedst til høgre her på sida. Test henne gjerne litt ut - og gi direkte tilbakemelding ved å klikke på tommel opp eller tommel ned på svaret ho gir deg.

Kva kan Kari?

Kommune-Kari vil hjelpe deg med å finne svar på dei kommunale tenestane. - Klikk for stort bildeKommune-Kari vil hjelpe deg med å finne svar på dei kommunale tenestane.Kari er intelligent og prøver å forstå kva ein spør om, basert på det vi har lært henne og kva data ho har tilgjengeleg. Ho svarer best på korte spørsmål om kommunale tenester.

Ho er foreløpig under opplæring og har ikkje tilgang til alt enno, men ho blir smartare for kvar dag.

Dersom du til dømes spør ho: «Kan du hjelpe meg med ein faktura?» vil ho stille deg fleire spørsmål for å samle nok informasjon til å hjelpe deg. Og ho kan tolke deg slik at ho finn lenke til det søknadsskjemaet du treng.

Kari har ikkje tilgang på informasjon om når du får svar på byggesøknaden din eller om når kommunen er ferdig med gravearbeidet sitt. Og ho kan ikkje gi deg kontaktinformasjon til alle tilsette i kommunen endå, for den er under utarbeiding.

Kvifor bruke Kari?

Nettsidene til kommunane er ein massiv informasjonskanal og det kan vere vanskeleg å navigere seg rundt for å finne svar på det du lurer på. Ved å alltid vere tilgjengeleg hjelper Kommune-Kari deg med å hente fram svaret på akkurat det du lurer på, når du lurer på det.

Berre ta opp smart-telefonen, nettbrettet eller gå inn på pc-en, og gå inn på nettsida. Der dukkar Kari opp og er klar til å hjelpe til. Viss ho ikkje kan hjelpe deg seier ho ifrå. 

Digital satsing

Vi jobbar for å legge til rette for enkle og smarte løysingar for dialog med innbyggarane våre.

Kommune- Kari vil gjere kommunen meir effektiv.

Bruken av verktøy som roboten Kommune-Kari er eit steg inn i teknologien i framtida. Teknologien er norsk og blir heile tida vidareutvikla av boost.ai og Sem & Stenersen Prokom AS.

Du kan framleis snakke med oss!

Innbyggartorget er der for deg fem dagar i veka, Kari er berre ei ekstrahjelp. Ei ekstrahjelp som er så glad i jobben sin at ho aldri går heim. Ein kan difor få hjelp kvar einaste dag, 24 timar i døgnet.

Til toppen