Gratis reisekort til studentar under 30 år

Er du tilflytta student under 30 år, kan du søke om gratis reisekort for eit studieår. Du må ha meld flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre/Vestnes i Romsdal, til Ålesund kommune etter 1. mai i år.

Foto av jente som venter på en buss - Klikk for stort bilete FRAM / Møre og Romsdal fylkeskommune

Kortet er eit reisekort som gjeld for buss, hurtigbåt og ferje i heile Møre og Romsdal. 

Det er viktig å merke seg at om du har hatt gratis busskort tidlegare, kan du ikkje søke igjen.

Ved å melde flytting til kommunen hjelper du oss med å lage endå betre tenester til alle som bur her. Du får sjølv ikkje berre gratis reisekort, men du som student får og fleire rettar, tenester og kan i tillegg påverke politisk.

Søknadsfrist er 31. desember.

Slik går du fram

Dette må du ha på plass før du søker

  • Du må vere student ved høgare utdanning (universitet/høgskule/fagskule), ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
  • Du må studere i eit heilt studieår. Utvekslingsstudentar eller andre studentar som skal vere her berre eitt semester, får dessverre ikkje tilbodet. 
  • Du må ha meldt flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre/Vestnes i Romsdal, og fått flyttemelding. Sunnmøre er kommunane Giske, Hareid, Herøy, Fjord, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta og Ålesund.
  • Studentar som har nytta seg av tilbodet tidlegare kan ikkje nytte dette igjen.
  • Du må ha meldt flytting etter 1. mai 2023.

Slik melder du flytting og søker om gratis reisekort

  • Du må hugse å melde frå til oss om du endrar folkeregistrert adresse ut av kommunen før perioden til reisekortet går ut.

Kortet er aktivert når du mottek det, og er gyldig til og med 31. juli 2024. Fyller du 30 år i løpet av studieåret, vert kortet deaktivert på fødselsdato.

Praktisk informasjon om tilbodet og reisekortet

Ordninga vart i bystyrevedtak frå 2018 avgrensa til å gjelde studentar som melde flytting til Ålesund frå kommunar utanfor Sunnmøre/Vestnes i Romsdal. Ålesund kommune ønskjer ikkje å påverke folketalet i nabokommunane i negativ lei.

Reisekortet er for studentar og gjeld reise med offentleg buss, hurtigbåt og ferje innanfor Møre og Romsdal. Kortet kan ikkje nyttast på Flybussen, men nytt av året er at kortet no kan nyttast på nattbussen.
 

Mister du reisekortet i løpet av studieåret og treng eit nytt, må du kontakte FRAM kundesenter på tlf. 71 28 01 00.