Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

I fokus

Dugnad og folkemøter på nett

Ålesund kommune har testa ei ny og banebrytande plattform for kontakt med både innbyggarar og organisasjonar. I går deltok i overkant av 20 personar på det første opne nettmøte i Ålesund kommune.

Hege Steinsland verksemdsleiar for Innbyggartorget - Klikk for stort bildeHege Steinsland verksemdsleiar for Innbyggartorget Øyvind Heggstad Kultur og medborgarskap  ved Innbyggartorget inviterte til dialogmøte. Invitasjonen vart sendt til frivillige lag og organisasjonar via nettstaden Friskus. Arrangementet vart også publisert på facebook.

-Vi har no teste ut eitt nytt digitalt møterom, metoden er kjend og vert kalla Open Space, så langt ser dette svært bra ut, seier leiar for Innbyggartorget Hege Steinsland.    

Teamet for fellesmøtet var korleis ein kan bruke ressursane vi har på ein best mogleg måte i den situasjonen vi no er oppe i.

I teorien kan fleire hundre kople seg opp i det virtuelle møtetrommet. Det var plattforma QiqoChat som var vertskapet for møtet. Dette er ei plattform som er skreddarsydd for store nettmøte og online-samarbeid.Klikk for stort bildeOpe møte på nett Øyvind Heggstad  

Det var omlag 25 som kopla seg opp til kommunen sitt møte.  Etter informasjonsmøte i  eit fellesrom, gjekk deltakarane inn i mindre møterom på nett, der dei diskuterte ulike utfordringar. Her fekk både tankar og idear myldre, før ein møttes i plenum til slutt.

-Dette er eit særs godt initiativ. Vi bestemte oss i helga at vi skulle prøve ut denne nye forma for møte med organisasjonar og det frivillige. Ein kan faktisk sjå for seg at vi kan arrangere folkemøter på nett med fleire hundre deltakarar.  Men denne plattforma kan også brukast til både politiske møter, gruppemøter, arbeidsmøter, seier Hege Steinsland.

Møte tysdag kveld vart ein test på korleis arbeidsverktøye kan brukast.

-Om vi mestrar dette verktøyet, er det berre fantasien som avgrensar kva vi kan bruke det til. Så langt ser dette veldig bra ut, og QiqoChat kan blir ein framifrå reiskap til innbyggarinvolvering og møteverksemd, smiler Hege.

Til toppen