Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

I fokus

Bruk Folkestemma

Klikk for stort bildeKva meiner du eigentleg om kommunen din? Vi utsett fristen i å delta i innbyggarundersøkinga vår til tysdag 31. mars.

Undersøkinga kan du svare på her frå 10. til 31. mars.

Folkestemma er Ålesund kommune si undersøking kor du som er innbyggar kan påverke og gi meininga di om buforhold, politikk, nærmiljø og dialog med kommunen.

- Hensikta med undersøkinga er å involvere innbyggarane i utviklinga av den nye kommunen. Resultata frå innbyggarundersøkinga skal leggast til grunn for dei målsettingane politikarane setter seg i kommuneplanen og de tiltaka ein setter i gong i verksemdene, fortel kommunalsjef for kultur og medborgerskap Malin Piegsa.

Piegsa legger til at innbyggarar kan få hjelp med å svare på undersøkinga på innbyggartorga, bibliotekene og at blant anna Seniorsentra vil ha arrangement kor innbyggarane kan få hjelp til å svare på undersøkinga. Det er eit mål at flest mogleg av innbyggarane skal svare på den anonyme undersøkinga.

- Vi håper også at innbyggarane kan hjelpe andre - til dømes familiemedlemmer, slekt og venner - med å svare på undersøkinga. Slik får vi eit bredt svargrunnlag.

Vi gjer oppmerksam på at undersøkinga er anonym, og at data blir behandla av Ålesund kommune.

Til toppen