I fokus

Arrangør under korona?

Klikk for stort bilde Marcos Luiz Sjå kva som gjeld arrangement på offentleg stad med ansvarleg arrangør og kva som gjeld samlingar for privatpersonar i heimen.

På offentleg stad med ansvarleg arrangør er det no lov med arrangement på inntil 200 deltakarar. Er du som ansvarleg arrangør usikker, send inn skjema til kommuneoverlegen. 

Sjå kva som gjeld for ansvarleg arrangør 

  • ​​Deltakarane må halde minst ein meter avstand frå kvarandre og det må vere ein ansvarleg arrangør. Dette gjeld alle typer arrangement.

  • Arrangøren skal halde oversikt over kven som er tilstades og ansvarleg for at smittevernråda vert følgt. 

  • De som er ansvarleg arrangør har eigne prosedyrer eller bransjestandardar for å ivareta smittevern og fører liste over dei som er til stades på arrangementet. Slike lister skal ein ta vare på i 10 dagar. 

  • Det er arrangøren som har ansvar med å overhalde føringane og kommunen er pålagt i §18 i forskrift om smitteverntiltak m.v. ved koronautbrudd å føre tilsyn. 
  • Sjå eige rundskriv frå staten.

Sjå kva som er omfatta offentleg stad og arrangement inne på helsenorge.no.

Er du ansvarleg arrangør og i tvil om du kan arrangere?

Vi ønsker at arrangørar skal forhalde seg til regelverket.

Dei som ønsker det kan registrere sitt arrangement og legge ved dokumentasjon så er vi informert. Er de i tvil om det kan arrangerast og treng veiledning eller godkjenning, må det søkast. I utgangspunktet kan vi ikkje dispensere frå max antall deltakarar (200), men vi kan gje råd om gjennomføring og organisering. 

Meld inn arrangementet eller aktiviteten innan 5 virkedagar før dato.  

Send inn digitalt skjema om ditt arrangement/aktivitet. 

Når eit arrangement blir avlyst, er det arrangøren sjølv som må bere dei økonomiske kostnandane dette fører til, jamfør smittevernlova 4-1 og 1-5

Ved arrangement for menneske i risikogrupper, ber vi om at dei får arrangement vurdert av kommuneoverlegen.

Sjå kva som gjeld for private samlingar 

For privatpersonar som samles i heimen er gruppestorleiken framleis 20. Hald deg oppdatert på Helsenorge.no. 

Til toppen