Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

I fokus

Ålesund kommune opnar luftvegsklinikk

Har du luftvegsplager? No skal fastlegen eller til legevakta vise deg til kommunen sin luftvegsklinikk. Den holder til ved Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. Ålesund kommune opprettar eigen Luftvegsklinik - Klikk for stort bildeÅlesund kommune opprettar eigen Luftvegsklinikk. Frå venstre lege Simran Pal Shing, Sindre Søvik erstad, og lege Aleksander Linge Sommerdalen. Øyvind Johan Heggstad   

Tirsdag 24. mars klokka 12.00 tok Luftvegsklinikken mot sin alle første pasient. Klinikken er lokalisert ved Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. Målet er å ta mot pasientar med luftvegsplager som normalt ville gått til fastlegen eller til legevakta

Både kommunen og helsetenesta rustar seg no for fase to i korona-pandemien.  Det er venta at lang fleire blir smitta , og at fleire av dei treng legehjelp.

Det er særs viktig å understerke at dette ikkje er eit tilbod der folk berre kan møte opp. Alle som blir tatt mot på Luftvegsklinikken, må anten ha vore i kontakt med fastlegen eller med legevakta på telefon. Det seier lege Aleksander Linge Sommerdalen.

 

Skal skjerme legar

Avdelingsleiar Sindre Søvik Erstad (t.v.) og lege Simran Pal Shing ved eit av sengeromma på den nye klinikken.  - Klikk for stort bildeAvdelingsleiar Sindre Søvik Erstad (t.v.) og lege Simran Pal Shing ved eit av sengeromma på den nye klinikken. Øyvind Johan Heggstad Luftvegsklinikken er oppretta for å skjerme fastlegar og legevakta for mogleg smitte.  Det betyr at pasientar i Ålesund som har luftvegsplager, skal anten ringe eller Skype med sin fastlege. Då vil fastlegen eller legevakta vurdere om du treng medisinsk tilsyn.

I så fall, vil du møte ved Ålesund Lokalmedisinske senter på Åse. Dette gjeld pasientar som har symptom, på luftvegsplager.  Også pasientar som for eksempel har både eit beinbrot og luftvegsplager.  Dei skal først til Luftvegsklinikken. 

Dersom vi får smitte inn på legevakta eller hos eit fastlegekontor, kan ein i verste fall slå ut ein viktig samfunnsfunksjon. Dette er noko vi må unngå, seier avdelingsleiar Sindre Søvik Erstad. 

Klinikken er delt inn i to. Godt skilt med smittesluser. Det eine legekontoret skal brukast til pasientar med mistanke om smitte.  Det andre legekontoret er reservert for pasientar der ein har påvist korona-smitte.

Nært samarbeid med fastlegane 

Vi er avhengig av eit godt samarbeid med fastlegane. Det er viktig at dei bidreg til både å sortere pasientar, og på sikt også til drifta av Luftvegsklinikken. Vi har svært mange helsesjukepleiarar som har mobilisert noko heilt utruleg.  Dei gjer eit fantastisk arbeid her inne no med både testing, smittesporing, telefonteneste, seier Erstad og Sommerdalen. 

Klikk for stort bildeSmittevernutstyr Øyvind Johan Heggstad  Luftvegsklinikken vil tilby ordinære legetenester. Ikkje berre luftvegsplager. Legar skal bemanne klinikken, og dei pasientane som treng meir behandling, vert anten sendt til sjukehuset, eller tilbode plass på den nye Korona-avdelinga ved Ålesund lokalmedisinske senter.

Den nye klinikken skal vere klar til bruk frå måndag av. 

Dersom klinikken får svært stor pågang, vil ein sørge for å bemanne opp slik at alle får hjelp, fortel avdelingsleiaren.

Til toppen