Vedtak
Vedtak:
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne ber om tilbakemelding på dei innkomne spørsmåla og at desse vert oversendt administrasjonen for oppfølging.
Behandling
Rådet tar orienteringa frå Ålesund kommunale eigedom KF til vitande med følgjande merknad sett fram av leiar:
Rådet ønsker tilbakemelding uansett utfall av forhandlingane mellom partane.
Til spørsmålet frå Therese Flisnes Opskar ønsker rådet ei orientering/utfyllande svar på kva som er gjort i saka om Bybadet og rådet sine merknader til den universelle utforminga der. Svaret må innehalde informasjon om kva Ålesund kommune har gjort for å overhalde si tilsynsplikt.
Rådet ber om svar frå administrasjonen når det gjeld framdrift i tidlegare lovnad om endring på skiltinga for HC-parkering frå 2 til 3 timar.