Det er allereie gjennomført eit formidabelt innsparingsarbeid i oppvekstsektoren, mellom 70 og 80 årsverk er tatt ned på oppvekstområdet samla til no. Eit ytterlegare innsparingskrav på 70 årsverk komande år vil få urimelege konsekvensar for barn og unge, og vil truleg ikkje vere mogleg utan å bryte lov og regelverk innan oppvekstsektoren. Vi ber kommunestyret prioritere meir midlar til drift i oppvekstsektoren for å redusere innsparingskravet. Oppvekstsektoren skal ta sin del av nedtrekket, men vi må spesielt skjerme dei elevane som treng det mest.
Lærernormen skal oppretthaldast på alle skular, vi minner om at lærernormen er eit minimumskrav. Samtidig må vi fokusere på laget rundt eleven, som anna støtteapparat i tillegg til lærarane, eksempelvis miljøarbeidarar.
Ein må først og fremst satse på at vi har tilstrekkeleg kvalifisert undervisningspersonell i skular og barnehagar. Om ein skal klare å kutte i kostnader til spesialundervisning, må den ordinære undervisninga styrkast og ein må jobbe aktivt for å skape gode læringsmiljø. Funksjonar som miljøterapeutar og tverrfaglege samarbeid er viktig å oppretthalde i størst mogeleg grad.
Tidleg innsats må styrkast for å redusere behovet for spesialundervisning slik det framgår i skuleeigarstrategien. Samtidig må ein sørge for å ivareta den individuelle retten til spesialundervisning.
Vi oppfordrar til eit tettare samarbeid med friskulane med ei felles målsetting om å få ned behovet for spesialundervisning.
Alle skular i Ålesund skal bli sertifiserte som dysleksivennlege. Vi er positive til at det er avsett 16,2 mill. over tre år til digitale einingar. Samtidig må anna arbeid for dysleksivennleg praksis prioriterast.
Komiteen utrykker bekymring for sjukefråværet i både barnehage og skule og ber kommunen prioritere tiltak for å redusere sjukefråværet, mellom anna i samarbeid med NAV og bruk av IA-avtalen.
Det må jobbast aktivt og målretta for å senke sjukefråveret, konkretisere tiltak og jamnleg evaluere effekten av tiltaka.Vi må satse på å legge til rette for dei tilsette, i det daglege ha større fokus på eigarskap og tilhøyrigheit og mindre fokus på budsjettkutt.
Ålesund kommune må vere proaktiv i Kompetanseløftet og statleg økonomisk støtte i arbeidet.