Sit du mykje aleine? Er det tiltak å kome seg ut? Saknar du ein god samtale over ein kopp kaffi? Kanskje du er aktiv og har noko å gi?
Vi legg til rette for møteplassar for seniorar i biblioteka på Vatne, Brattvåg og Nordøyane, med aktuelle tema som kan skape gode samtalar og diskusjonar.