Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Kalender

Webinar om aktivitetskalenderen alesund.friskus.com

Ålesund kommune inviterar lag som endå ikkje har laga seg bruka og arrangør i frivilligverktøyet Friskus til webinar.

Dato
4. mai 2021
Tid
17:30 - 19:00
Stad
Digitalt møte i Teams

alesund.friskus.com er ein aktivitetskalender og frivilligverktøy som Ålesund kommune tilbyr gratis til alle innbyggarar, lag og organisasjonar. Frivillige lag og organisasjonar får vist seg fram, lagt aktivitetar i kalendaren og søkt etter frivillige til ulike oppdrag. Innbyggarane får ei lett tilgjengeleg oversikt over, og kan melde seg på, aktuelle aktivitetar og frivillige oppdrag.

Etter kvart som kalenderen fyllast opp/vert fylt opp av aktivitetar frå frivillige lag og organisasjonar og kommunale tenester, kan ein lett finne aktivitetar innan sine interesseområder. Det gjer også samarbeidet mellom lag og organisasjonar og kommunen lettare at både arrangørar og aktivitetar og er lett tilgjengelig. Er du ny i kommunen eller bere vil engasjere deg, er det ein ypparleg måte å finne ut kva som skjer der du bur.

Vi gleda oss til at kalenderen vil vise mange forskjellige aktivitetar og arrangørar både frå frivillige lag og organisasjonar og kommunale tenester.

Husk før webinaret:

  • Bruk Google Chrome
  • Lag deg brukar, sjå korleis under
  • Ha pc/nettbrett/mobil klar

Korleis lage brukar:

  • Gå inn på friskus.com
  • Trykk «logg inn» oppe til høgre på sida
  • Lag deg ein personleg brukar
  • Legg inn e-postadressa di og trykk «kom i gang»
  • Lag deg eit passord, og du er klar

Følg denne lenka for webinaret 4. mai og meld deg på: https://alesund.friskus.com/events/145a1c87-d39e-427a-8a1c-3397c8bef8dd

Vel møtt til webinar!

Til toppen