Kalender

Ope møte om parkering

Ålesund kommune inviterer innbyggarane og pressa til eit ope møte på nett. Kommunen har starta ei parkeringsutgreiing for Ålesund sentrum og Moa. Utgreiinga skal kartlegge dagens parkeringstilbod begge stadar, og peike på moglege løysingar for framtida.

 

 

Dato
16. september 2020
Tid
18:00 - 19:30
Sted
Digitalt møte - teams

Tidspunkt er 16. september klokka 18.00 – 19.30

Som ein del av prosessen ynskjer kommunen flest mogleg innspel frå både innbyggarar, kultur- og næringslivsaktørar og andre som er opptatt av utfordringane knytt til parkering i bysentrum og på Moa. Meir informasjon om korleis ein loggar seg på møtet, vil vere tilgjengeleg på kommunen sine nettsider og Facebook frå morgonen 16. september.

Møtet vert sendt på Teams, og du klikker på denne lenka om du vil vere med.

Les meir om møtet her

Arrangør

Ålesund kommune

Kontakt

Jøran Mentzoni Eilertsen, telefon: 95904295
Til toppen