Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Kalender

Gratis yoga på Joachim H. Rønneberg plass

Velkommen til GRATIS yoga heile sommaren – i hjartet av Ålesund; Joachim H. Rønneberg plass (Rådhusplassen) med instruktør Stine Koppernæs ved «Yoga og Helse» .
 

Dato
15. juli 2020
Tid
12:00 - 13:00
Sted
Joachim H. Rønneberg plass

Timane vil vere tilpassa alle aldrar og det trengst inga erfaring for å vere med. Her kan ein stille opp til timen i fullt yogautstyr, ein kan sitte og ete ein is på kafeen medan ein deltar på pusteøvingane, eller kanskje du berre går forbi og er nysgjerrig? Då kan du slenge av deg jakka eller badehandkleet du har rundt livet, og bli med ein timinutts tid om det er det du har moglegheit til. Yogasommar i hjartet av Ålesund vil vere ein positiv møteplass for den mentale helsa vår, og vere eit pust i feriekvardagen der du kan treffe andre eller nyte litt «eigentid» saman med medborgarane dine. – og om det regnar? Då kan vi trekke oss inn i fellesarealet til Kremmergaarden.

Yoga er godt for både kropp og sinn, det spreier enormt med glede, det er GØY, utfordrande (på ein positiv måte) både fysisk og mentalt; utan at ein treng verken forkunnskapar eller å vere godt trent – og ikkje minst vil det vere ein sosial og positiv møteplass der det er mogleg å overhalde alle smittevernstiltak samtidig som vi kan møtast og ha det kjekt saman!

Vi gler oss til å sjå deg kvar onsdag i sommar!

Namaste

Arrangør

Ålesund Sentrumsforening, Kremmergaarden og Ålesund kommune

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 08.07.2020 12.00 - 08.07.2020 13.00
  2. Onsdag, 15.07.2020 12.00 - 15.07.2020 13.00
  3. Onsdag, 22.07.2020 12.00 - 22.07.2020 13.00
  4. Onsdag, 29.07.2020 12.00 - 29.07.2020 13.00
  5. Onsdag, 05.08.2020 12.00 - 05.08.2020 13.00
  6. Onsdag, 12.08.2020 12.00 - 12.08.2020 13.00
Til toppen