Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Kalender

Sommarles

Den digitale lesekampanjen Sommarles.no er frå 1. juni for alle 1. til 7. klassingar i kommunen. Kampanjen skal motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

Tidspunkt
Mandag 01.06.2020 00.00 - søndag 30.08.2020 00.00
Sted
Ålesund kommune

Sommarles.no gjer det gøy å lese! 

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. 
  • Sommarles.no er for barn i 1.-7. klasse og  varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. 
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! Er ditt lokale bibliotek sommarstengt? Fortvil ikkje. Premiar kan barna hente på alle opne bibliotek i Ålesund kommune. Informasjon om opningstider: http://www.alesund.folkebibl.no/

Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS. Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

 

 

Til toppen