Påmelding Ruskenaksjonen 2024

Det er tid for vårrydding og Ålesund kommune vil i år tilby henting av herrelaust Rusken-avfall som vert samla inn langs vegar og stiar og i friområde. 

Tidspunkt
Fredag 05.04.2024 00.00 - søndag 28.04.2024 23.59
Stad
Frister

Innmelding mellom veke 14 og 17 til e-post: post@attvin.no

Her må ein melde inn:

  • Arrangør (til dømes ei velforeining)
  • Kontaktperson for hentinga
  • Fullt namn og telefonnummer 
  • E-postadresse
  • Nøyaktig henteadresse, berre eitt hentepunkt
  • Ønska hentedato i samsvar med renovasjonskalender og vekedag for henting i dykkar sone i veke 16 eller 18.

Har du ikkje arrangørside for din ryddeaksjon, lag ei gjennom Friskus.

Henting av avfall skjer berre etter avtale.

Kommunen vil hente avfallet på vanleg renovasjonsrute for restavfall, maksimalt fem meter frå vegkant der renovasjonsbilen køyrer.

Vi føreset at avfallet vert samla i handterlege sekkar (gjennomsiktige) og er sett fram til køyrbar veg. 

Sekkane skal ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall, elektronikk, farleg avfall eller hageavfall.

MERK: Avfall som ikkje er i sekk, vert ikkje tatt med. Dette må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon. Levering av slikt avfall må meldast inn og godkjennast på førehand.

Dei som ynskjer å delta i oppryddinga må sjølv sørge for gjennomsiktige avfallssekkar.

Hageavfall kan leverast gratis på miljøstasjonen din heile året. 

Vi gjer merksam på at Rusken-avfall ikkje er avfall frå strandrydding. Her er det eigne ordningar gjennom Hold Norge Rent, sjå www.ryddenorge.no for meir informasjon.