Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Kalender

Kurs: Bli enda tryggare i foreldrerolla

Helsestasjonstenesta i Ålesund tilbyr kurs i COS-P (Circle of Security Parenting), også kalla tryggleikssirkelen, med formål om å bevisstgjere dykk som foreldre på korleis samspelet mellom dykk og barnet påverkar kvarandre. Ved å forstå tryggleikssirkelen får de moglegheit til å forstå barnets behov enda betre.

 

Dato
17. april 2020
Tid
9:30 - 11:00
Sted
MØTET ER AVLYST

KVEN ER KURSET FOR?
Dette kurset er eit tilbod til deg som er foreldre til barn i alderen 0-1 år. Ressursbasen kan tilby kurs for deg som har barn over 1 år.

INNHALD
Kurset foregår i dialog og refleksjon i ei gruppe på 10-12 deltakarar. Kurset går over åtte gruppesamlingar og kvar samling tar 1,5 time. Kurset blir heldt av to rettleiarar med sertifisering i COS-P.

Vi kjem innom tema som:
- Korleis fange opp, tolke og møte behovet til barnet?
- Korleis støtte barnet i å regulere egne kjensler?
- Korleis handtere situasjonar der barnet blir opplevd som utfordrande?
- Korleis regulere egen frustrasjon i møte med barnet?

Forventningar til deltakarar:
- Dersom de er to med felles foreldreansvar, er det ønskeleg at begge deltar.
- Kurset gir avgrensa utbytte viss ein ikkje deltar på alle samlingane, så vi tilrår at de møter på alle kursdagane.
- Gruppedeltakarane kan sjølv bestemme kor mykje dei vil dele av erfaringane sine.
- Du/de bør ikkje ha behov for tolk.

PRAKTISK INFORMASJON
Kurset er gratis.

For å få godt utbytte av kurset er det formålstenleg at de ordnar med barnepass i kurstida.

Det er avgrensa plass til kursdeltaking, så vær rask med påmelding.

Foreldre som ønsker å delta på kurs kan ta kontakt med helsesjukepleiar Jeanette Kobbevik ved å sende e-post til jeanette.elin.granmo.kobbevik@alesund.kommune.no

I e-posten oppgir du namn, adresse og tlf.nr. Du vil få ei stadfesting på førespurnaden pr. e-post. Deretter vil vi snakke med alle interesserte, slik at vi kan gi meir informasjon om tilbodet. Saman finn vi ut om tilbodet passar behovet dykkar.

Informasjon om hendelsen

Pris voksen
0

Arrangør

Helsestasjonstenesten i Ålesund kommune

Andre tidspunkt

  1. Fredag, 20.03.2020 09.30 - 20.03.2020 11.00
  2. Fredag, 17.04.2020 09.30 - 17.04.2020 11.00
  3. Fredag, 24.04.2020 09.30 - 24.04.2020 11.00
  4. Fredag, 08.05.2020 09.30 - 08.05.2020 11.00
  5. Fredag, 15.05.2020 09.30 - 15.05.2020 11.00
  6. Fredag, 05.06.2020 09.30 - 05.06.2020 11.00
  7. Fredag, 12.06.2020 09.30 - 12.06.2020 11.00
  8. Fredag, 19.06.2020 09.30 - 19.06.2020 11.00
Til toppen