Kalender

Kurs: "Open Space"

Mange i vår region har vore i kontakt med ”Open Space” og har uttrykt ønskje om å lære seg å bruke arbeidsforma i sitt eige arbeid. 

Tidspunkt
Måndag 24.10.2022 00.00 - onsdag 26.10.2022 00.00
Stad
FNs framtidslab, 6. etg., Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK)

Open Space er ein resultatorientert og samskapande metode som kan brukas i alle samanhengar der menneske kjem saman for å finne vegen vidare i ein kompleks situasjon. 

Vi samarbeider med Thomas Herrmann om gjennomføringa av dette kurstilbodet. Han har 20 års erfaring med å fasilitere og å halde kurs i å arbeide med bruk av Open Space metoden. For meir info sjå openspaceconsulting.com.

Bak dette initiativet står Ålesund kommune, NAV, representantar frå frivillige organisasjonar og The North West.
Fullstendig invitasjon med høve til  påmelding kjem i slutten av august. 

Kurset vert fysisk på Framtidslabben i Ålesund. Det vil bli ei kursavgift på ca 8 000,- ( kan bli endringar) Vi vil halde av nokre sponsa plassar for den som ikkje har ein arbeidsgjevar som kan betale.

Arrangør

Ålesund kommune, NAV, representantar frå frivillige organisasjonar og The North West

Kontakt

Kontaktperson Hege Steinsland hegste@alesund.kommune.no
Til toppen