Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Spesialundervisning

Retten til spesialundervisning er hjemla i kapitel 5 i Opplæringslova.

Om rett til spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar.

Om sakkunnig vurdering

Før skolen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering fra PPT av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til:

  • eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
  • realistiske opplæringsmål for eleven
  • om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet
  • kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

Dersom vedtaket frå skolen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor skolen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1.

Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades. Skolen skal ha vurdert og eventuelt prøvd ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir gjort sakkunnig vurdering.

Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav

For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast.

Skolen skal ein gong i året utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen .

Se også

Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT).

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119