Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Skole og utdanning - Tilpassa, inkluderende og likeverdig opplæring for alle (PPT)

pdfPPT_rapport_-tilpassa_inkluderende_likeverdig_2012-2018.pdf

PPT Ålesund avslutta i vår prosjektet; «Skule og PPT saman i utviklingsarbeid for å fremme tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring for alle».
Prosjektet har heile vegen teke sikte mot å stake ut kursen og påverke ein standard for korleis PP-tenesta i Ålesund skal etablere og bevare gode samarbeidsrelasjonar. Samstundes har målet vore å påverke kvalitet og utvikling internt i PP-tenesta og ute i skulane. ”Å lære i lag” har vore ei god tilnærming på ein arena der ulike aktørar har svært ulik forståing av kvarandre sine oppgåver og roller.

Arbeidet har litt etter litt teke ei retning som har utvikla prosjektet til å bli «det mogleges prosjekt ». Ulike innfallsvinklar og tilnærmingar har generert idear og retningar vi ikkje såg i starten. Vi har vore innom utfordringar som både har peika på PP-tenesta sin legitimitet i skulerelatert utviklingsarbeid, og forståinga av PP-tenesta som noko anna enn dei som arbeider med «lytar og skavankar». Det har utvikla seg til å bli «ei indre reise» for PPT Ålesund som har påverka verdiplattform, visjonen og eigenforståing. I tillegg har det utfordra og påverka det kommunale systemet, skulane og samarbeidsformer som kanskje har fungert meir etter tru og tradisjon enn etter lovverk og sams forståing og kjennskap til kvarandre sine oppgåver.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119