Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Innovasjon, visjon, verdiar og lokaldemokrati

Fleire store tema er på agendaen når styringsgruppa for nye Ålesund møtast på Skodje 13. mars.

Prosjektet til nye Ålesund er i ferd med å finne si form og prosjektkoordinator vil gå gjennom pdfkorleis arbeidet er organisert og kor langt en er komen.

Det er arbeidsutvalet i nye Ålesund som set dagsorden for styringsgruppa. Det er ordførarane i dei fire kommunane Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som utgjer utvalet og rådmennene tiltrer gruppa. Her erpdf referatet frå utvalet sitt møte 7. mars.

Informasjon frå fylkesmannen

Fylkesmannenpdf har sendt eit brev til alle kommunane i fylket som driv samanslåingsarbeid. Fylkesmannen skal rettleie og gi informasjon til kommunane i dette arbeidet. Brevet tar for seg kva for samanslåingar som per i dag er i fylket og det at frivilligprinsippet skal gjelde, men at Stortingsfleirtalet har lagt til grunn at det likevel vil kunne vere "...aktuelt i helt spesielle situasjoner der enkeltkommuner ikke må kunne stanse endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn."

Det er Stortinget som gjer vedtak både om kommunesamanslåingar og regioninndelingar. Det skjer i løpet av første del av juni månad.

Innovasjon, visjon og verdiar

Bygging av ny kommune skal bere preg av innovasjon og fornying, ikkje berre fusjonering. Når den nye kommunen står klar i 2020 skal den både ha skapt noko nytt, ha etablert ein varig innovasjons- og utviklingskultur og innovasjonskapasitet. Nye Ålesund kommune ønskjer å utnytte mogelegheitsrommet v i byggjeprosessen 2017-2020 til å utvikle både strukturar og kultur som fremmer fornying og innovasjon på ein meir systematisk måte enn det kvar enkelt kommune har tradisjon for i dag. Styringsgruppa skal difor behandle ein søknad om prosjektskjønn frå Fylkesmannen til å drive innovasjon i praksis.

Det blir også gruppearbeid om kva verdiar nye Ålesund skal byggast på og kva visjon vi skal ha for den nye kommunen. Dette arbeidet er i startfasen.

Demokrati

Nye Ålesund kommune skal tilsette ei eigen prosjektstilling som skal arbeide med å vidareutvikle lokaldemokratiet og sikre at innbyggarar og lokalpolitikarar blir høyrte.

Arbeidsutvalet innstiller til styringsgruppa at nye Ålesund skal melde si interesse for å delta i KS si innbyggarundersøking - Hvor godt er lokaldemokratiet i din kommune.

Møtet

Møtet i styringsgruppa blir halde på Gomerhuset i Skodje og startar med lunsj klokka 12.00. Sjølve møtet varar frå klokka 13.00 til seinast klokka 17.45.

pdfHer er sakslista

Styringsgruppa har fem politikarar frå kvar kommune, rådmenn, tillitsvalde og hovudverneombod.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119