Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Givande dag i Sandøy

Tirsdag 7. februar møtte styringsgruppa for kommunereformen på Harøy for å diskutere korleis framdrifta i arbeidet med sammenslåinga skal organiserast.

Tema for møtet var plan for prosjektet, dei tilsette og arbeidsgivaransvar og kommunikasjon. Kulturbygging var også eit punkt på agendaen, eit viktig tema som blir tatt opp på neste styringsgruppemøte.

Tema for møtet samsvarar med det som blei framheva som det viktigaste deltakarane på KS sitt seminar om kommunereform tok med seg.

Organisering og framdriftsplan

Prosjektkoordinator Anne Berit S. Emblem innleia kort med generell prosjektteori og -begrep. Ho viste til DIFI-rettleiar for prosjektbygging i offentleg sektor.

Vidare viste ho til KMD-rettleiar for prosjektorganisering av kommunesamanslåing, og trakk ut døme frå prosjektplanen til nye Asker (Asker, Hurum. Røyken).

Første forslag til prosjektorganisering og framdriftsplan for nye Ålesund blei gjennomgått, denne skal jobbast vidare med i AU og rådmannsgruppe fram mot neste styringsgruppemøte.

For å oppnå mål om likeverd, inkludering og bygging av tillit mellom kommunane som skal inngå i nye Ålesund kommune, er det viktig at styringsgruppa har eit bevisst og aktivt forhold til prosessleiing. Det finst i dag mykje slik kompetanse i dei kommunane som inngår i prosjektet, men den er ikkje utan vidare tilgjengelig for prosjektorganisasjonen.

Styringsgruppa vedtok å søke skjønnsmidlar frå fylkesmannen slik at ein kan frikjøpe personar i organisasjonane til å styrke prosessleiarkompetansen i kommunereformprosjektet.

pdfSkisse til prosjektorganisasjon og prosjektteori.

Tilsette og arbeidsgivaransvar

Roar Reiten blir leiar for delprosjekt personal og omstilling i nye Ålesund-prosjektet.

Gruppa har følgjande deltakararar:

  • Roar Reiten - Ålesund
  • Mariann Husøy - Sandøy
  • Janette Steinvik - Ørskog
  • Malin Piegsa – Skodje

Prosjektkoordinator tiltrer gruppa.

Reiten orienterte om oppstart av arbeidet. Tilsetjing av rådmann for nye Ålesund blir prioritert etter vedtak i Stortinget og oppnemning av fellesnemnd.

Då skal det også utarbeidast omstillingsplan og bemanningsplan, og tilsette skal innplasserast i ny organisasjon. Delprosjektet har også ansvaret for den nye kommunen som arbeidsgivar, der eksisterande styringsdokument, rettleiarar, verktøy, særavtaler og liknande  må samordnast.

Partssamarbeidet skal ivaretas. Saker drøftast med tillitsvalde i samsvar med hovedavtalen og arbeidsmiljølova.

Kommunikasjon

Anne Bente Skjellum blir leiar for delprosjekt Kommunikasjon i nye Ålesund-prosjektet.

Gruppa har følgjande deltakararar:

  • Anne Bente Skjellum - Ålesund
  • Kristina Røyset Naas - Sandøy
  • Åse Karin Gjerde - Ørskog
  • Regine Bruteig - Skodje

Prosjektkoordinator tiltrer gruppa.

Gruppa sitt utkast til kommunikasjonsstrategi og - tiltaksplan var utsendt på førehand. Styringsgruppa arbeidde i fem grupper for innspel til dokumenta. Innspela er sendt til arbeidsgruppa for vidare bearbeiding.

Styringsgruppa vedtok å opprette ein felles nettportal der all ekstern og intern informasjon om prosessen fram mot 2020 blir samla.

Interkommunale samarbeid

I tråd med intensjonsavtalen og fordi den nye kommunen blir eit nytt juridisk objekt må alle interkommunale samarbeid nullstillast.

Det er nedsett ei arbeidgruppe som skal kartlegge ekisterande samarbeid som grunnlag for ny eigarstrategi.

Gruppa har følgjande deltakararar:

  • Sally Bergtun - Sandøy
  • Hilde Sørdal - Ørskog
  • Kristian Skålhavn - Skodje
  • Ronny Frekhaug – Ålesund
  • Tore Hals og Anne B. Emblem - nye Ålesund.

Gruppa bygger vidare på kartlegging gjennomført i Ålesund 2016 der dei andre kommunane fyller på med sine samarbeid. Gruppa vil gå nærare inn på kartlegging av utvalde samarbeid.

Det er mogleg å lese pdfheile referatet frå møtet i Sandøy.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119