Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Planar for kommunereformprosjektet

Fremdriftsplan for kommunereformen, korleis kommunane skal ivareta arbeidsgivaransvaret og kartlegging av interkommunale samarbeid er på møteplanen når styringsgruppa for nye Ålesund møtast.

For å organisere arbeidet med kommunreformen i nye Ålesund kommune skal styringsgruppa sjå på ein overordna prosjektplan når gruppa samlast på Sandøy 7. februar. Det er også sett av tid til framdriftsplan og korleis prosjektet skal organiserast.

Til hjelp i arbeidet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeida ein rettleiar - Å bygge en ny kommune - råd fra tidligere sammenslåinger.

25. - 26 januar var representantar frå nye Ålesund på seminar i regi av KS om kommunereformen. Seminaret handla om arbeidsgivaransvaret ved kommunesamanslåingar.

Alle ordførarene, rådmennene, personalsjefar og fleire tillitsvalde og hovudtillitsvalde var med på seminaret.Det blir ei kort oppsummering, og ansvarleg for personalspørsmål i kommunesamanslåinga, Roar Reiten, vil snakke om korleis ein tenker seg prosjektet i nye Ålesund.

Prosjektet med å danne nye Ålesund blir delt inn i fleire delprosjekt. Arbeidgivaransvar og personalspørsmål er eitt av dei, kommunikasjon med innbyggarar og tilsette ei anna og den siste som er på plass no er kartlegging av interkommunale samarbeid.

Fleire delprosjektgrupper vil komme på plass i løpet av kort tid.

Styringsgruppa for nye Ålesund består av fem politikarar frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund, tillitsvalde og verneombud og aktuelle fagpersonar.

Sjå referat frå forrige styringsgruppemøte på Ørskog 19. januar og innkalling til møtet 7. februar.

pdfReferat_3._møte_i_styringsgruppa_nye_Ålesund_19.1.17.pdf

pdfInnkalling_og_agenda_4._møte_styringsgruppa_nye_Ålesund.pdf

Arbeidsutvalsmøte

Dei fire ordførarene utgjer arbeidsutvalet til styringsgruppa. Dei hadde møte 2. februar. På møtet gjekk dei gjennom møteformen til styringsgruppa basert på sist styringsgruppemøte og saksliste for møtet 7. februar blei godkjent.

pdfReferat_AU-møte_nye_Ålesund_2.2.17.pdf

For meir informasjon og saker om kommunereformen, gå inn på Ålesund kommunes si samleside om kommunereformen.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119