Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Arbeidsgivaransvaret i kommunereformen

Korleis handterer vi omorganisering og overtalligheit i kommunereformen? Når bør leiarar- og  nøkkelstillingar vere på plass? Korleis bygger vi ein ny organisasjon og kultur? Mange spørsmål blei diskutert på KS-seminar.

Målet med seminaret var å bevisstgjere kommunar som skal slå seg saman om å jobbe med arbeidsrettslege spørsmål og få til gode medverkningsprosessar.

Frå nye Ålesund var personalsjefane i dei fire kommunane med saman med tillitsvalde, verneombod og eit felles vald hovedverneombod.  I tillegg var alle rådmennene, ordførarane og andre politikarar til stede. Til saman var det 26 representantar frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som var på seminar på Gardermoen 25. - 26. januar.

I tillegg til å diskutere viktige arbeidsrettslege spørsmål som vil dukke opp i ein slik prosess, arbeida vi i grupper med tankar rundt kommunikasjon og ulike styringsdokument i prosjektorganiseringa.

Delseminar

Mot slutten av seminaret delte vi oss i delseminar:

  • Folkevalgtes arbeidsgivaransvar
  • Kommunikasjon
  • Styringsdokument

Ute på KS sine heimesider kan du sjå videoopptak frå alle innlegga. Alle presentasjonane frå seminaret ligg også ute i saken Arbeidsgiveransvar ved kommunesammenslåing.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119