Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune

Anne Berit Støyva Emblem har fått tilbod om å bli prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune.

Det er arbeidsutvalet for dei fire kommunane som per i dag utgjer den nye kommunen, som har tilbudt Støyva Emblem stillinga. Arbeidsutvalet består av ordførarane frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

-    Anne Berit Støyva Emblem (43) utmerka seg i søkarbunken som ein særs godt egna kandidat, seier Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje.

-    Med lang og variert erfaring med prosessleiing i offentleg sektor og ansvar for ei rekke omstillings- og endringsprosjekt har ho svært god bakgrunn for stillinga. Tilbakemeldingar frå tidlegare arbeidsgivarar bekreftar gode leveransar og høg fagleg kvalitet.  

Anne Berit Støyva Emblem har hovudfag i administrasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, vekta ligg på kommunal og regional organisering. Vidare har ho åtte års erfaring frå Kystverket sin HR-stab der omorganisering har vore dei viktigaste oppgåvene. Tilsvarande oppgåver har ho hatt i Politidirektoratets prosjektstab, der ho arbeidde i sju år. Ho er oppvaksen i Stryn og flytta frå Oslo til Ålesund saman med familien i 2009.

Stillinga hadde søknadsfrist 6. desember og det kom inn 14 søknader.  To personar vart innkalla til intervju.

Støyva Emblem kan gå inn i stillinga som prosjektkoordinator i januar etter å ha fått permisjon frå sin noverande jobb i Kystverket.

Les meir om stillinga her:

Vil du vere med å forme nye Ålesund?

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119