Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Retningsval for styringsgruppa

Korleis skal vi skape nye Ålesund? Styringsgruppa har hatt sitt andre møte og no byrjar arbeidet å konkretisere seg.

For andre gong møttast politikarar, administrasjon og tillitsvalde for å arbeide for kommunesamanslåing i 2020. Møtet blei halde torsdag 10. november i Kystverket sine lokale på Skansekaia i Ålesund.

Det er førebels Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som dannar nye Ålesund og det var fyrste gong Øskog var med på styringsgruppemøte.

Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund, blei på møtet vald til leiar av styringsgruppa, medan Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje, vart nestleiar.

Styringsgruppa har desse medlemene:

Sandøy

  • Oddvar Myklebust
  • Espen Myklebust
  • Hildegard Maier
  • Jessica Gärtner
  • Åse Kristin Ask Bakke

Rådmann:

  • Ann-Heidi Paulsen Orvik

Skodje

  • Dag Olav Tennfjord
  • Kari Grindvik
  • Terje Vadset
  • Modolf Hareide
  • Aina Strand

Rådmann:

  • Bente Glomset Vikhagen

Ørskog

  • Kari Simonnes Aanes
  • Geir Petter Aure
  • Ola Kjetil Sjøholt

Rådmann:

  • Synnøve Vasstrand Synnes

Ålesund

  • Eva Vinje Aurdal
  • Tore Johan Øvstebø
  • Øystein Tvedt
  • Geir Stenseth
  • Anne Kristin Bryne

Rådmann:

  • Astrid Eidsvik

Personalsjefane er også sterkt involverte i prosessen, saman med andre fagsjefar og tillitsvalde i dei forskjellige kommunane. Fleire var til stades på møtet.

Styringsgruppa skal ta hand om prosessen med kommunesamanslåing fram til fellesnemnda tar over. Den byrjar sitt arbeid når Stortinget har gjort det endelege vedtaket i løpet av våren 2017 om kva for kommunar som skal slå seg saman.

Tillitsvalde

På møtet blei det bestemt at fire tillitsvalde og eitt hovudverneombod skal delta i styringsgruppa sitt arbeid. Organisasjonane må sjølve bli einige om kven dette blir.

Arbeidet med kommunereforma

På møtet la personalsjefen i Ålesund fram ei revidert skisse til prosjektplan som trekkjer fram viktige punkt i det vidare arbeidet.

I tillegg til styringsgruppa vil det bli oppnemnt eit arbeidsutval med ordførarane som medlemer og varaordførarane som vara. Arbeidsuvalet kan be rådmennene om hjelp i arbeidet og gi dei høve til å delta i møta.

Det blei bestemt at styringsgruppa skal engasjere ein prosjektkoordinator som blir rekruttert eksternt, fram til vedtak i Stortinget.

Interkommunalt samarbeid

Ei endring i kommunestrukturen vil føre til ein gjennomgang av dei interkommunale samarbeida. På møtet blei det gitt ei oversikt over status for samarbeidsordningar i Ålesund. Konklusjonen blei at kvar kommune lagar ei oversikt for sine samarbeidsordningar. Dei kommunane som ikkje har utarbeidd eigarskapsmelding, utarbeider det. Oversikta og eigerskapsmeldingane dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Rådmennene blei bedt om å lage ein milepelsplan for dette arbeidet til neste møte.

Sjå heile referatet:

pdfReferat frå møte 2 i styringsgruppa

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119