Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Ofte stilte spørsmål om kommunereforma

Her har vi samla svar på nokre ofte stilte spørsmål.

 

Kvifor treng vi ei kommunereform?

Regjeringa har, etter oppdrag frå Stortinget, bede kommunane om å utgreie aktuelle endringar i dagens kommunestruktur. Dei overordna måla for ei endring er gode og likeverdige tenester til innbyggarane, heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, berekraftige og robuste kommunar, og styrking av lokaldemokratiet.

Norge har endra seg svært mykje dei siste femti åra som er gått sidan siste store kommunereform vart gjennomført. Ei endring i kommunestrukturen må derfor bli sett i samanheng med behovet for både ei oppgåvereform, styringsreform og finansieringsreform. Kommunane har fått og vil få nye store og små oppgåver. Oppgåver som tidlegera har vore utført av staten eller fylket vil bli ført over til kommunane. Kommunane vil få meir forvaltningsansvar og staten skal i mindre grad enn tidlegare gripe inn med detaljstyring i kommunane sine eigne prioriteringar og vedtak. Dei økonomiske rammevilkåra for kommunane vi også bli endra.

Kriteria for ny kommunestruktur er, i følgje sluttrapporten til ekspertutvalet Regjeringa hadde satt ned, at kommunane har:

  1. tilstrekkeleg kapasitet til å løyse oppgåvene
  2. relevant kompetanse for heile spekteret av oppgåver
  3. tilstrekkeleg distanse for å minske høva for inhabilitet
  4. effektivitet i tenesteproduksjonen
  5. økonomisk styrkje til å tåle svingingar
  6. valfridom til å løyse oppgåvene på sin måte
  7. funksjonelle samfunnsutviklingsområde
  8. høg politisk deltaking
  9. lokal politisk styring
  10. lokal identitet

Kriteria ovanfor vil lettast kunne bli oppfylt dersom dei nye kommunane kan dekkje eit geografisk område som i dag og i åra framover er naturlege bu-, arbeids- og serviceregionar.

Altså: Stortinget meiner det er grunnlag for å sjå på om dagens kommunestruktur er framtidsretta og har bedt kommunane om å vurdere dette frå ein lokal synsstad.

Kan vi ikkje halde fram slik vi har det no?

Føresetnaden for å kunne halde fram med vår kommune slik den er i dag er, slik rapporten om «Regionkommune Sunnmøre» vurderer det, at

  • endringane i inntektssystemet ikkje vil gi vesentleg dårlegare vilkår for små kommunar
  • kommunen ikkje går glipp av potensialet til å bli meir effektiv gjennom stordriftsfordelar
  • kommunen aksepterer at gapet mellom den kompetansen kommunen har til rådvelde og den kompetansen som trengs for å løyse oppgåvene på ein tilfredsstillande måte, veks
  • ved å halde fram som eigen kommune blir vi truleg meir avhengig av interkommunalt samarbeid og må akseptere at ein del tenester og avgjerder blir utført av ein vertskommune
  • dagens kommune vil ha tilstrekkeleg tilfang av politiske arbeidsoppgåver, eit stort nok politisk handlingsrom eller ressursmessigt spelerom, nok administrativ kraft og ein kompetent organisasjon slik at det gir gode rammevilkår for det lokaldemokratiske arbeidet
  • kommunen er viss på at tette band og inhabilitet ikkje vil utgjere eit problem, og at det ikkje trengs meir distanse mellom personar og grupper i lokalsamfunnet og dei som har avgjerdsmynde i kommunen
  • det ikkje blir vanskelegare å få overført oppgåver til kommunen og å få redusert behovet for statleg detaljstyring og kontroll
  • dagens kommuneorganisasjon vil ha god nok utviklingskraft til å løyse nye oppgåver

Altså: Kvar kommune vil no ta stilling til om desse vilkåra kan bli oppfylt med dagens struktur eller om strukturen bør bli endra. Fylkesmannen sender på bakgrunn av dette si tilråding til Regjeringa som i sin tur sender saka over til Stortinget for endeleg avgjerd.

Vil ikkje nye og større kommunar føre til meir sentralisering?

Vi har ein tendens til å klumpe oss saman. Det er mange årsaker til det: endring i kommunikasjonar, endring i arbeidsmarknad, endring i utdanning, endring i handelsvanar, endring i fritidsaktivitetar, endring i preferansar, osv. Desse endringane fører til sentralisering mot byar og større by-regionar, men også internt i kommunar. Og sentraliseringa har auka jamt og trutt trass i at vi stort sett har halde på den same kommunestrukturen dei siste femti åra.

Sentraliseringa inn mot byar og større tettstadar fører til ei vriding i alderssamansettinga. Det er først og fremst unge som flyttar ut. Dermed aukar gjennomsnittsalderen på dei som blir att. Samla for dei tretten kommunane i «Regionkommune Sunnmøre» er det i dag 4,3 yrkesaktive per innbyggar over 67 år. I 2040 er det venta at dette endrar seg til 2,8. Aller verst er utsiktene for Norddal og Sandøy som endar seg til høvesvis 1,4 og 1,7.

Kommunar som får for få yrkesaktive, vil svekkje sitt inntektsgrunnlag og dermed kunne få vanskar med å oppretthalde tenestene. Det kan i sin tur føre til at utflyttinga blir forsterka. Ein regionkommune som omfattar også dei områda som har ein vekst i folketalet, vil kunne styrkje balansen i alderssamansettinga og få eit inntektsgrunnlag som kan gjere det mogleg å oppretthalde basistenestene i alle delar av kommunen. Ved å byggje opp under lokal identitet og gi betre kommunikasjonar, kan det også bli mogleg for dei som ønskjer det, å bu mindre sentralt. Ein større kommune kan ha større slagkraft til å legge til rette for dette.

Altså: Små kommunar har i liten grad klart å stanse sentraliseringa. Nye regionkommunar kan derimot bli i stand til å motverke fleire av dei viktige faktorane som fører til sentralisering mot dei store landsdelssentera. I så fall kan det gi grunnlag for at folk kan bli buande eller flytte til også dei områda som ligg utanfor dei største tettstadane i regionen.

Vil større kommunar svekkje lokaldemokratiet?

Går fleire kommunar saman til ein ny, vil talet på medlemer i kommunestyret i den nye kommunen bli lågare enn det samla talet på medlemer i dei gamle kommunane. Den nye kommunen vil dermed ha fleire veljarar bak kvar representant enn i dei gamle. Men større kommunar har jamt over fleire vallister enn kva små har. Mange vallister gir fleire kandidatar å velje mellom og fleire parti kan bli representert i kommunestyret.

Deltakinga i «uformell politikk» - aksjonar, underskriftslister, osv. – er større i store enn i små kommunar, medan det i kommunar med få innbyggjarar er større høve for at du kjenner nokon av medlemene i kommunestyret.

Holbæk kommune i Danmark (tidlegare fire landkommunar og ein bykommune som no har ca. 70 000 innbyggarar fordelt på ca. 580 km2) har eit spennande demokratiprosjekt der det er utvikla systematiske prosessar for medverknad frå innbyggarane og brukarane av kommunens tenester. Det er tilsett 12 «fællesskabere» som knutepunkt mellom den sentrale leiinga i kommunen og dei 18 lokalsamfunna kommunen er inndelt i. Holbæk er i storleik ganske lik med Ålesund + Ørskog, Skodje, Haram, Sula og Giske med sine til saman 78 000 innbyggarar og 578 km2.

At innbyggarane og brukarane av kommunale tenester kan få medverknad i prosessane fram mot vedtak blir gjort, er ein viktig faktor for eit vel fungerande demokrati – ja, kanskje vel så viktig som talet på medlemer i kommunestyret.

Kommunereforma legg opp til at dei nye og større kommunane skal få ta over oppgåver som i dag er lagt til fylket eller staten.  Det skal også bli færre statlege motsegner mot kommunale vedtak. Dette vil auke det lokale sjølvstyret.

Altså: Kommunereforma er ikkje til hinder for å utvikle gode prosessar for medverknad og styrking av lokaldemokratiet. Reforma kan snarare vere det som skal til for å utvikle ein positiv dynamikk for å få til eit enno betre lokaldemokrati?

Vil skulen og sjukeheimen der eg bur bli lagt ned og flytta til sentrum?

Utgangspunktet for ein ny kommune, til liks med dagens kommunar, er at basistenestene skal bli gitt der folk bur. Den nye kommunen må gjere dei same avvegingane som kommunane i dag gjer i spørsmålet om kvar skulane, barnehagane osv. skal ligge. Det er ingen automatikk i at skular blir lagt ned eller sjukeheimar blir flytta som følgje av at dagens kommune blir erstatta av ein større.

Altså: Kommunestyret må både no og i framtida ta avgjerd i saker om kvalitet, kvantitet og lokalisering av tenestetilbodet. Tenestene skal ligge der brukarane bur så lenge det er nok «kundar» og det er mogleg å sikre at kvaliteten på tenesta kan bli halden på ei godt nok fagleg nivå.

Er ikkje tenestetilbodet betre i små kommunar enn i store?

Kvaliteten på tenestene varierer mellom kommunane. Det kan vere like stor variasjon mellom små kommunar som mellom små og store. Også internt i den enkelte kommune kan vi oppleve store variasjonar. Vi kan derfor ikkje alltid slå fast at skilnaden på kvalitet skuldast åleine storleiken på kommunen.

Derimot er det meir eintydig samanheng mellom storleik og kva type tenester som kan bli gitt. Mindre kommunar er i større grad enn mellomstore og store avhengig av å kjøpe tenester frå andre kommunar, eller gå inn i interkommunalt samarbeid, for å levere visse typar lovpålagte, spesialiserte tenester. Dei minste kommunane er også meir sårbare ved at dei har få personar som har ansvaret for å levere tenestene. Ved sjukdom og fråvær kan produksjonen i verste fall stoppe opp.

Altså: Små kommunar kan ha minst like gode tenester som store, men dei kan ikkje alltid på eiga hand levere alle tenestene kommunen er, og kan bli, pålagt å gi.

Blir ikkje utkantane fortare gløymd i store kommunar?

I mange samanhengar har «kjøttvekta» kraft i seg sjølv: folketette område dreg til seg meir merksemd enn område med få innbyggarar. Dette vil gjelde både internt i kommunar, mellom kommunar, mellom regionar, og mellom landsdelar. Er Sunnmøre ein utkant i høve til hovudstadsregionen, blir kvar kommune enno meir utkant, osv.

Ved å etablere ein demokratisk struktur og organisering som sikrar lokal medråderett, påverknad og basistenester der folk bur, kan vi motverke at nokon blir gløymd.

Visjonen for «Regionkommune Sunnmøre» er: Nasjonal slagkraft, regional attraktivitet, og lokal identitet. For å nå visjonen om lokal identitet er det viktig å hegne om bygdesentra.

Altså: Å gløyme utkantane vil vere eit brot med visjonen for ein ny regionkommune.

Større kommunar vil vel svekkje nynorsken?

Det er kommunestyret som tek avgjerd i kva målform administrasjonen i kommunen skal bruke eller om kommunen skal vere språkleg nøytral. Å vere nøytral er å la det vere opp til kvar enkelt tilsett å bruke den målforma som passar henne eller han best.

Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.

Foreldra og føresette til elevar ved kvar grunnskule kan krevje rådgivande folkerøysting om målforma ved skulen. Kommunestyret tek deretter avgjerd i spørsmålet.

Dersom eit minste tal på elevar krev det, har dei rett på å få undervisning i ei anna målform enn den som gjeld for den aktuelle grunnskulen.

Kvar og ein av oss står som privatperson fritt i bruk av målform, uavhengig av kva målform kommunen vel å bruke som offisielt språk.

Altså: Det er ingen automatikk i at ein ny, større kommune blir anten bokmåls- eller nynorskkommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119