Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Bakgrunn for kommunereformen

Stortinget vedtok i 2014 at det skal gjennomførast ein kommunereform. På Sunnmøre utgreies fleire alternativ til ny kommunestruktur. Det er klare nasjonale føringar for at kommunar skal ha ein viss størrelse og regjeringa legg opp til færre og større kommunar meir i samsvar med bu- og marknadsregionane.

Dei regionale prosessane med kommunereformen vart starta hausten 2014 og regjeringa har bedt alle kommunane om å gjere vedtak om kommunereforma innan 1. juli 2016. I vedtaket må det gå fram om kommunen ønskjer å halde fram som no, eller om den vil gå saman med andre, og i tilfelle med kven, for å danne ein ny kommune. Prosessen blir avslutta ved utgangen av 2016. 

På Sunnmøre utgreies fleire alternativ til ny kommunestruktur. På eit møte med administrativ og politisk leiing på Finnøy 20. - 21. august 2015 skreiv 13 kommunar under på ein rapport om sterke og svake sider. moglegheiter og svakheter ved Regionkommune Sunnmøre. Dei 13 kommunane er Giske, Haram, Hareid, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Ørskog og Ålesund.

I løpet av hausten 2015 skal dei ulike kommunestyra handsame rapporten og gjere retningsval for vidare forhandlingar.

Les rapporten om Regionkommune Sunnmøre (pdf)

Lenke rapport regionkommunesunnmore

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119