Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Bystyrets vedtak om arbeidet med kommunereformen

Bystyret i Ålesund vedtok 3. september 2015 å arbeide videre med kommunereformen gjennom disse punktene:

  1. Ålesund bystyre ser klart behovet for ei kommunereform og at det er både nødvendig og ønskjeleg med ein ny kommunestruktur i vår region.
  2. 2. Bystyret ser det å halde fram som eigen kommune, slik Ålesund kommune er i dag, som lite framtidsretta.
  3. Ålesund kommune tar pdfutgreiinga om Regionkommune Sunnmøre til orientering (red: sjå lengre ned på sida for meir informasjon) og ser at det er grunnlag får å etablere ein slik ny kommune og stiller seg i hovudsak bak dei tilrådingane som styringsgruppa har lagt fram i sin rapport. Ålesund vil derfor primært delta i vidare samtalar og konkrete drøftingar mellom alle dei 13 kommunane som står bak utgreiinga, med mål om å lage ein ny regionkommune.
  4. Rapporten med anbefalingane frå styringsgruppa kan også vere grunnlag for å vurdere ein mindre regionkommune. Kommunane Giske, Haram, Skodje, Sula og Ålesund utgjer ein kvardagsregion som allereie i dag har eit tett hopehav. Eit fellesskap mellom desse, gjerne med fleire, er eit alternativ til «Regionkommune Sunnmøre» som bystyret ønskjer å få avklart.
  5. Adhocutvalet, oppretta av formannskapet etter oppdrag frå bystyret, får forlenga sitt oppdrag i det vidare arbeidet med kommunereforma inntil det nye bystyret bestemmer noko anna.
  6. Det bystyret som trer i kraft etter kommunestyrevalet hausten 2015 blir oppmoda om å følgje vidare den retninga som er skissert i punkta ovanfor.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119