Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Velferdsteknologi


 Spelteknologi (X-box)

 

Undet Det Midt-norske velferdsteknologiprosjektet har spelteknologiprosjektet på Sunnmøre eksistert sidan 2012. Prosjektet har gjort seg gode erfaringar om kva som skal til for å lukkast med å ta i bruk spelteknologi som aktivitet i dagavdeling eller institusjon. Det er kommunane Herøy, Ulstein, Vanylven og Ålesund som er med denne delen av prosjektet.

I Statusrapport for spelteknologi, april 2014, konkluderer Helen Berg med at ein med sikkerheit kan seie at spelaktivitet på sjukeheim, dagsenter for eldre og personar med demens, og dagsenter for personar med utviklinghemming har gitt gevinst i form av aktivitet, glede og sosialt samvær.

I 2014 ønskjer Velferdsteknologiprosjektet på Sunnmøre å vere pådrivarar for oppstart av spelteknologi på fleire arenaer i eigne kommunar, samt andre kommunar i Møre og Romsdal fylke.

I Ålesund er det pr. juli 2014 ein spelstasjon ved Åse sjukeheim og ein ved Volsdalen bokollektiv.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119