Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Velferdsteknologi

 

Implementering av varslings- og lokaliseringsteknologi (GPS)

Rapporten Sporing av personar med kognitiv svikt med hjelp av GPS, er skriven på bakgrunn undersøkingar gjennomført i delprosjektet om GPS, under Det Midtnorske velferdsteknologiprosjektet. Rapporten syner at:

“Brukarar, pårørande og personalet i kommunehelestenesta ynskjer å ta i bruk lokaliseringsteknologi då dei meiner at dette kan gje auka fridom og tryggleik. 16 personar fekk tildelt ein SE. Etter 6 månader var det 5 personar som framleis nytta gps-sporing. Brukarane og pårørande erfarte at å bruke denne teknologien førte til meir tryggleik og fridom i kvardagen.

At mange ikkje opplevde dette som ei tenleg løysing var knytt til funksjonaliteten til teknologien, både når det gjaldt batteri, alarmfunksjon og brukargrensesnittet. Organiseringa og oppfølginga av ei slik teneste, krev retningslinjer og klare prosedyrar for handtering av sporingsteknologi.”

Velferdsteknologiprosjektet på Sunnmøre, ønskjer å sjå vidare på funksjonaliteten i teknologien og organiseringa av varslings- og lokaliseringsteknologi som ei teneste. Målet er at varslings- og lokaliseringsteknologien skal kunne takast i bruk som ei teneste på ein kvalitetssikra og trygg måte.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119