Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Krisesenter

Krisesenter for Sunnmøre

Avdeling  

Telefon      

Menn 90 70 74 33
Kvinner 70 16 33 33

Alle kommunar er pålagde å gi eit tilbod om krisesenter for kvinner, barn og menn som opplever fysisk og psykisk vald eller truslar om vald.

Du kan vere utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone/mann, barn og barnebarn eller andre.

Begge tilboda er gratis lavterskeltilbod, og for alle nasjonalitetar.

Du tar direkte kontakt og treng ikkje tilvising eller timeavtale.  Vi svarer og kan gi råd på telefonen heile døgnet!

Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader. Det blir gitt tilbod om midlertidig butilbod (aleine eller saman med born), hjelp og samtalar, og vi gir rådgivning på dagtid.

Krisesenter for Sunnmøre har egne nettsider

Om tilbodet

Krisesenter for menn og krisesenter for kvinner er eit tillegg til det offentlege hjelpeapparatet i samarbeidskommunane.

  • Dagtilbod - samtale, råd, veiledning, støtte og omsorg.
  • Døgntilbud (for ei kortare periode). Vern og rådgivning, kontakt med naudsynt hjelpeapparat, støtte og omsorg, samtale.
  • Tilbod om gratis rådgivning hjå advokat

Dei to interkommunale krisesentra er eit tilbod for dei som er busett på Sunnmøre; Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sandøy og Sykkylven. Men andre kan også ta kontakt, så viser vi vidare til rett stad.

Dei som nyttar tenesta har krav på ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet. Kommunane skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane. 

Lovverket

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova) 

Tilbodet skal etter lova omfatte:

a) eit gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
b) eit gratis dagtilbod, og
c) eit heilårs og heildøgns tilbod der personar kan få råd og rettleiing per telefon, og
d) oppfølging i reetableringsfasen.

Dine juridiske rettar (brosjyre frå Justisdepartemenetet).

Andre nettressursar

Overgrepsmottaket | Politiet | Familievernkontoret |Alternativ til Vold | Reform Krisesentersekretariatet | Norsk krisesenterforbund 

 

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119