Ratvikåsen barnehage

Ratvikåsen barnehage ligg i Hatlane, i eit område med mange barnefamiliar.

Inne har vi god plass og eit variert miljø. I april 2023 flyttet vi inn i nyoppussa lokale. Vi fikk ny og betre planløysning, ventilasjonssystem, varmekjelder i det nye taket, personalgarderobe/toalett, ekstra barnetoalett, nye vindu og dører med meir.

Vi trivst svært godt i dei nye lokala, dei er godt tilpassa barnehagedrift. Her har barna gode moglegheiter til å utfalde seg i leik og andre aktivitetar, til å skaffe seg erfaringar og ny kunnskap.  

Vi er så heldige at barnehagen vår ligg nær naturen. Vi bruker Hatlaåsen flittig, og når vi skal til sjøen har vi mange stader vi kan gå.

Leikeplassen vår er stor og variert. Der har vi ein fin skog, marker, asfaltplass til sykling og også ein liten akebakke. Vi ønsker at barna skal få mange naturopplevingar i all slags ver gjennom året, både i nærmiljøet og på leikeplassen. 

Pedagogikk

Barnehagen vår er inspirert av den pedagogiske tenkinga i Reggio Emilia (by i Italia).  Dei kommunale barnehagane i Reggio Emilia, har utvikla ein pedagogisk filosofi som har inspirert pedagogar og barnehagefolk over heile verda, ikkje minst i Skandinavia.

Verdiane i Reggio Emilia-filosofien samanfell med grunnleggande verdiar i lovverket og rammeverket for norske barnehagar. Barns rett til medverknad og utforsking i eigne læreprosessar, er kanskje det som er den viktigaste likheita.

Den pedagogiske tenkinga i Reggio Emilia tar utgangspunkt i dei tre pedagogane: Den vaksne, barnet og det fysiske miljøet:

  • Den vaksne: Personalet må vere aktive, oppmuntrande og nysgjerrige på barna sine tankar. Vi må lære barna å lære, utfordre barna, gi dei spørsmål å fundere på, og starte prosessar. Vi må lære barna å bli sjølvstendige og oppmuntre til nysgjerrigheit. Vi må oppmuntre til samarbeid og til at barna blir inspirerte av kvarandre.
    Personalet skal også vere omsorgspersonar, vi må sjå det enkelte barnet og dets behov.
  • Barnet: Barn lærer av å vere aktive saman med vaksne og andre barn. Vi må difor legge til rette for gode møteplassar for barna og rikeleg tid til leik og andre aktivitetar. Leiken er viktig for læring, samhandling, bearbeiding av inntrykk osv.
    Barna må få komme med sine teoriar og bli tatt på alvor av dei vaksne og dei andre barna.
    Barna skal også vere med på å forme sin eigen kvardag i barnehagen. Dei vaksne ønsker at barna kan lære av og bli inspirerte av kvarandre. Vi meiner at barn lærer best når dei er aktive i eiga læring.
  • Det fysiske miljøet:  På Ratvikåsen har vi fokus på skape eit miljø som inspirerer til variert leik. Storbarnsavdelinga har eit atelier, med mykje gjenbruksmateriell. Her jobber vi kreativt med barna sine prosjekt. Småbarna får selvfølgelig også låne atelieret om dei vil. Vi har også eit lite konstruksjonsrom, med mange ulike material å skape av.

    På småbarnsavdelinga er alltid eit utval av leiker,  bøker osv. tilgjengelig i barna sin høgde. Dei har ein sofa, som blant anna er god å ha når dei små skal stå opp frå kvilestunda, er trøytte og treng kos. Dei har også eit leikerom som er lagt til rette for ulike sanselege opplevingar og  fysisk aktivitet/leik. 

    Vi har også innreidd eit felles rom som vi kallar språkrommet, eller biblioteket. Der det er bøker, anna språk- og matematikkmateriell, spel og mykje spennande å halde på med.

Slik jobbar vi

Vi jobbar med prosjekt med små, nesten aldersreine grupper. Gruppene heiter Ørnene, Ekorna, Pinnsvina og Maurane.

Gruppene med dei største barna jobbar med prosjekt som kan vare kort eller lenge. Dei minste barna jobbar også med enkle prosjekt. Vi tar utgangspunkt i fagområda i rammeplanen og barna sine interesser.

Dokumentasjon frå prosjekta (foto, tekst og barna sitt arbeid), blir hengt opp på gruppene sine dokumentasjonstavler, og seinere sett i barna sine permar. Vi lagar også dokumentasjonshefte av kvart enkelt prosjekt, som foreldra og andre kan lese. Dokumentasjonen blir også brukt som utgangspunkt for refleksjon i personalgruppa.

Sjå årsplan for Ratvikåsen barnehage 2023 - 2024 (PDF, 2 MB)

Avdelingar

Ratvikåsen barnehage har to avdelingar.

Barnehageåret 2023-24 er vi 8 barn på småbarnsavdelinga Maurane, og 20 barn på Tretoppen, som er storbarnsavdelinga.

Avdelingene har felles bad/stellerom, vaskerom, kjøkken og garderober.

Opningstider

Opningstida er frå klokka 07.00 til 16.45.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaften, samt inntil fem planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl.12.00. I tillegg til desse dagane skal alle barn ha minst 4 veker ferie i løpet av året. 3 av dei må takast ut samanhengande.

I tråd med vedtektene kan barnehagen kan vere stengt inntil 3 veker i forbindelse med ferie. Kva veker vi er stengt sommaren 2024, vert informert om etter drøfting i barnehagen sitt samarbeidsutval i løpet av hausten 2023.

Kontakt

Besøksadresse: Hatlaskaret 19, 6016 Ålesund

Verksemdsleiar: Marthe Lundemo

Leiar: Marianne Aasebø
E-post: marianne.aasebo@alesund.kommune.no

Telefon:
Styrar 95 87 06 87
Avdeling Tretoppen 476 20 647
Avdeling Maurane 948 82 027

Denne nettsida: alesund.kommune.no/ratvikasen-barnehage