Rabbevågen barnehage

Rabbevågen barnehage ligg ved Stafsetneset og har eit flott nærområde som byr på rike moglegheiter til allsidige og utfordrande opplevingar i naturen.

Lekeplass og bygning - Klikk for stort bilete

Rabbevågen barnehage opna desember 2008 og ligg i Ålesund i bydelen Vegsund.

Barnehagen er flott plassert i nærleiken av Stafsethneset friluftsområde som byr på rike moglegheiter til allsidige og utfordrande opplevingar. Dette inneber at det å nytte nærmiljø og naturen vil vere ein viktig del av barnehagen og det pedagogiske arbeidet. Vi går mykje på tur i skogen og i fjæra. Ved Stafsethneset finn ein turvegar, flott badestrand, eldstader med benkar og opne sletter som egnar seg godt for leik og aktivitet.

Barnehagen har også naturtomt på sin eigen leikeplass. Dette bidreg til at både små og store barn kan få oppleve naturen til dagleg. Hausten 2021 fikk barnehagen fornya leikeplassen sin med nye flotte leikeapparat.

Barnehagen er godkjent for 90 plassar.

Verdiar

Pedagogisk grunnsyn

Verdigrunnlaget til barnehagen bygger på eit heilheitssyn på barn si utvikling og læring. Tryggleik, trivsel, leik og læring er faktorar som heng nøye saman, og som må sjåast i samanheng. Leik og læring og utvikling får gode vilkår om trivsel og tryggleik ligg i botn.

Pedagogikk

Verdigrunnlaget til barnehagen bygger på eit heilheitssyn på barn si utvikling og læring. Tryggleik, trivsel, leik og læring er faktorar som heng nøye saman, og som må sjåast i samanheng. Leik og læring og utvikling får gode vilkår om trivsel og tryggleik ligg i botn.

I Rabbevågen barnehage skal dei vaksne:

  • Møte barna med respekt, likeverd, aksept, tillit og tiltru. 
  • Vere tydelege og omsorgsfulle rollemodellar. 
  • Vise ekte interesse for det enkelte barn, fordi kvart enkelt barn er unikt. 
  • Vere støttespelar og rettleiar, slik at barna får utfordringar og stimulering ut frå alder, utvikling og behov.
  • Legge til rette det fysiske miljøet og planlegge dagen slik at det blir gode moglegheiter til leik og samspel mellom barna. 
  • Tilpasse pedagogisk opplegg og aktivitetar gjennom inndeling i mindre grupper. 
  • Gi impulsar og inspirasjon til å sette i gang eller vidareutvikle leiken. 
  • Arbeide aktivt for at kvart enkelt barn skal bli inkludert i leik og samspel. 
  • Bli kjent med kvart enkelt barn gjennom samhandling og aktiv deltaking. 

Legge vekt på eit godt og nært samarbeid med barnas foreldre.

Visjon for Rabbevågen barnehage:

Alle barn skal oppleve å bli sett, høyrt og kjenne seg verdifull i eit inkludarende, stimulerande og lærande miljø.

Sjå årsplan for Rabbevågen barnehage 2023 - 2024 (PDF, 2 MB)

Satsingsområde

  • Kommunikasjon, språk og tekst.
  • Natur og miljø.

Avdelingar

Det er to avdelingar ved Rabbevågen barnehage. Ei avdeling for småbarn og ei avdeling for storbarn. Hver avdeling er igjen delt i to grupper.

Tyttebærtua 0-3 år:

  • Gul gruppe
  • Orange gruppe

Blåbærtua 3-6 år:

  • Blå gruppe
  • Grønn gruppe

Alderssammensetningen på småbarnsavdelinga (gruppene) kan variere fra år til år, som en konsekvens av opptaket.

Matservering

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt/ettermiddagsmåltid.

Barnehagen har fokus på eit sunt og variert kosthald og tilbyr frukt og grønnsaker til fleire måltid..

Barna får varm lunsj ein dag i veka.

Opningstider

Opningstid: kl. 07.00 – 17.00

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaften, samt 5 planleggingsdager. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl. 12.00.

Barnehagen er stengt to veker i juli.

Kontakt

Besøksadresse: Vegsundvegen 62

Verksemdsleiar: Marthe Lundemo

Leiar: Synnøve Vassbotn Folkestad

Telefon:
Styrar: 70 16 46 90
Grønn gruppe: 90 90 65 29
Blå gruppe: 90 83 15 62
Orange gruppe: 90 87 53 64
Gul gruppe: 90 92 34 69

Denne nettsida: alesund.kommune.no/rabbevagen-barnehage