Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Navnet Ålesund

Navnet Ålesund har ikke en enkel forlaring/årsak. De lærde strides om den eksakte bakgrunn for dette.

 

 

Noen forklarer navnet med at det kommer av fiskenavnet ål, men det kan også ha sammenheng med áll, som betyr stripe eller smal renne.

Her gjengis en artikkel fra historiker Bjørn Jonson Dale fra 2010 om navnet:

"Bynamnet Ålesund skriv seg fra namnet på sundet mellom den litje øya Aspa i vest og den større Nørvøya i aust: Å:lsundet. Slik (med lang å) blir sundnamnet uttalt og slik har det trulig vore uttalt sidan tidlig på 1600-tallet. Før den tid kan det ha vore uttalt A:lsundet.

Sundnamnet ga opphav til stadnamnet, og den første gangen dette er funne nemnt er i 1603, då det blei skreve Alsunndt. Uttalen kan ha vore A:lsund på grensa til Å:lsund. På resten av 1600-tallet og til eit stykke ut på 1700-tallet blei stadnamnet skreve Aallsund eller Aalsund.
Uttalen må då ha vore Å:lsund.

Fra Aalsund til Aalesund

Skrivemåten Aalesund blei vanlig fra midten av 1700-tallet, men er også unntaksvis å finne i kilder fra 1600-tallet (t.d Aallesund i 1624).
Det er lite rimelig at uttalen var gått fra Å:lsund til Ål-e-sund. Heller dreidde det seg om eit forsøk på normering, for det kan ha virka opplagt for lærde folk på denne tida at den samtidig uttalen var slurvete, at ein vokal i midten av ordet blei slukt (apokope). Og dette hadde dei nok rett i. Men trass i at skrivemåten Aalesund/Ålesund har vore einerådande i kring 250 år er det bare få som uttaler namnet slik det er skreve. Dagens uttale er Å:lsunn, i byen, må eg legge til.

Kva tyder namnet?

Den opphavlige forma på sundnamnet kan ha vore Alasundet eller Alesundet, og stadnamnet (som må vere eldgammalt sidan det aldri er funne i bunda form) var då helst Alasund eller Alesund.

Ut fra grunnregelen om at eit sund får namn etter den minste øya dersom sundet går mellom ei større og ei mindre øy, eller namn etter øya om sundet går mellom øya og fastlandet, kunne vi ha venta at sundet mellom Nørvøya og Aspa ville heite Aspesundet, som det kanskje aldri har heitt. Derimot er det mulig at sundnamnet inneheld eit eldre namn på øya Aspa, altså Ala. Men i så fall: Kva kan dette eldre øynamnet tyde?

På Sunnmøre blei mindre øyar eller holmar på enden av større øyar eller halvøyar stundom kalt «kalvar», jamfør Humlekavlen og Borgundgavlen, men det var også råd å sjå slike «utvekstar» som «halar» (og i jamvel som «rumper»). Altså: Eit eldre namn på Aspa kan ha vore Hala, men uttalt Ala fordi sunnmøringane i eldre tider bare unntaksvis uttalte ein h framfor ein vokal; vi har med såkalt halvemål å gjøre, enno til dels levande. No treng ikkje det mulig opphavlige øynamnet Ala/Hala vere norrønt. Det kan vere eldre enn som så, og i så fall keltisk, som kanskje dei fleste øynamna på Sunnmøre (mest tydelig i namnet Dimna i Ulstein), og såleis minne om dei som budde her før «vi» kom hit ein gang på 600-tallet.

Samtidig, og dette må reknast som heilt visst, stadnamnet Ålesund har ingen ting med «ål» å gjøre, korkje fiskeslaget eller den renna som finst nedst i mange sund, djupålen. Til dags dato er det bare få sunnmøringar som har villa ete ål, det er enno eit levande tabu at ein ikkje skal ete slik mat (eit tabu på linje med det no døyande tabuet mot å ete krabbe, kreps, reker, hummar, alle slags skjell og andre sneglar). Ein kalte ikkje opp fine stadar etter umat!

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119