Ellingsøy barnehage

Ellingsøy barnehage ligg i naturskjønne omgivnader på Hoffland på Ellingsøya. Med stort og flott uteområde som gir rom for allsidig leik og aktivitetar. Med skogen, Kverveaksla, Kverve, fjøra, leikeplassar og ballbinge heilt i nærleiken har barnehagen ei unik plassering i forhold til barna sine moglegheiter til allsidig utfolding. 

Pedagogikk

Aktive og inkluderande barn og vaksne gir tryggleik og glede.

Ellingsøy barnehage skal vere ein trygg stad for alle, uansett føresetnader. Det enkelte barn skal oppleve å bli sett på som eit godt og betydingsfullt menneske. Dei tilsette er inkluderande, aktive, lyttande, støttande og er gode førebilde for barna. I vår barnehage skal leiken stå i fokus, og humor og glede er viktig for oss. 

Satsingsområde

  • Regional kompetanseheving

Gjennom regional kompetanseutvikling vil vi gjennomføre eit utviklingsarbeid med tema "Barnehagen sitt arbeid med å forebygge, avdekke, stoppe og følgje opp mobbing og utestenging"

Dette er et utviklingsarbeid i samarbeid med kommunane rundt oss og Høgskulen i Volda.

  • Hovudtema

Som hovudtema dette barnehageåret har vi «Livet og sånn»

Det er utarbeidet av Ålesund kommune for å fremje livsmestring og helse for barn. 

Vi vil setje fokus på dei ulike følelsane og bli kjent med dei. Vi vil også jobbe med venskap, mobbing og konfliktløysing. Knyte det saman med utviklingsarbeidet vårt. 

  • Miljøsertifisert barnehage

Ellingsøy barnehage blei miljøfyrtårnsertifisert 03.februar 2022. Å vere ei Miljøfyrtårnbedrift inneberer systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Vi må oppfylle krav og gjennomføre tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.

Barnehagen har formulert følgande miljømål:

«Vi reduserer plast- og papirforbruket»

«Vi er bevisst på å bruke naturmateriale og gjenbruk av det vi har på barnehagen»

«Vi vaksne er rollemodellar ved å ta med borna på kjeldesortering, og på den måten bidra til å få miljøbevisste born»

«Vi arrangerer «miljøveke» kor vi plukkar søppel og avfall i nærmiljøet saman med borna og har ekstra fokus på miljøvern»
 

Årsplan Ellingsøy barnehage for 2023/24 (PDF, 7 MB)

Avdelingar

Barnehagen har 5 avdelingar der barna er fordelte etter alder. Vi har eiga småbarnsavdeling for dei yngste barna. Denne har også eige avskjerma uteområde. Vi har eit eige opplegg for de eldste barna.

Slik er avdelingane:

  • Silda er gruppa for dei yngste barna, 1-2 åringane. Dei har si eiga avdeling, og eigen avskjerma leikeplass.
  • Makrellen er gruppa for barna som er 2-3 år.
  • På Torsken og Seien fordeles barna som er 3- 4 år.
  • Hummeren, som er ei friluftsgruppe, er gruppa for 5-åringane. Dei held til i «Hummerhuset» som ligg på utsida av barnehagen sitt område. Dei har også si eiga grillhytte som dei disponerer. Denne gruppa er mykje ute heile året, og går på tur fleire ganger i veka. I Multihuset har dei grue med bål, der dei ofte grillar og lagar mat.

Opningstid

Barnehagen er open måndag - fredag, frå klokka 07.00 - 16.45
Barnehagen er stengt i uke 28 og 29. Vi er også stengt jule- og nyttårsaftan, men open i romjula.

Barnehagen si døgnrytme

Ellingsøy barnehage - døgnrytme
Tid Aktivitet
07.00 Barnehagen opnar
07.45-08.30 Frukost
08.30-09.30 Frileik. Vi går i grupper
09.30-10.30 Aktivitetar ute/inne
11.00/11.30 Lunsj
11.30-14.00 Sovetid for dei minste. Uteleik
14.00/14.15 Fruktmåltid
15.00 Frileik ute/inne
16.45 Barnehagen stenger

Kontakt

Besøksadresse: Hoffland, 6057 Ellingsøy

Verksemdsleiar: Haldis Gundersen

Styrar: Lise Randi Kalvøy
E-post: lise.randi.kalvoy@alesund.kommune.no

Telefon:
Kontoret : 70 16 51 70

Avdelingane: 

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/ellingsoy-barnehage

 

Søk etter kontaktinformasjon