Signering av første universitetskommuneavtale

NTNU og kommunen signerte 30. januar 2020 ein atvale om samarbeid om smart helse og velferd. Avtalen skal blant anna bygge opp primærhelsetenesten som ein arena for forsking og nyskaping - noko som vil kome innbyggarane til gode.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

NTNU og Ålesund kommune har lenge arbeidd for å etablere ein universitetskommune. Den første avtalen er no signert.

Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU og kommunen skal gjennom prosjekt Ålesund universitetskommune – smart helse og velferd (PDF, 164 kB), utvikle løysingar for å handtere dei store utfordringane innan helse og omsorg i åra som kjem. Talet på  eldre er aukande samtidig som det er stor mangel på kvalifisert personale.
 
Gjennom prosjektet skal partane styrke samarbeidet mellom kommunehelsetenesten og universitetsmiljøet.

Rådmann i Ålesund kommune, Astrid J. Eidsvik og dekan ved fakultetet for medisin og helsevitenskap ved NTNU, Björn Gustafsson signerte avtalen i kommunestyresalen.

 

Rådmann Astrid J. Eidsvik og dekan Björn Gustafsson under signering av universitetskommuneavtalen Ålesund kommune

  -    For Ålesund kommune er det veldig viktig at vi kan underteikne ein universitetsavtale med NTNU. Dette er med på å bygge innovasjonskraft i kommunen og auke forskinga innan offentleg sektor. Avtalen vil gjere at vi kan vidareutvikle og styrke det faglege samarbeidet retta mot forsking, utdanning og nyskaping - noko som på sikt vil gje betre kunnskap og dermed betre tenester for innbyggarane, seier rådmann, Astrid J. Eidsvik.

 

-    Helse er sterkt prioritert ved NTNU, og for innbyggarane i Ålesund betyr avtalen at vi skal bygge opp primærhelsetenesten som ein arena for forsking og nyskaping. Dette vil være eit gode for alle innbyggarane i regionen, seier dekan ved Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU, Björn Gustafsson.

Prosjektet skal blant anna utvikle kunnskap som fremmer folkehelse og helseleiing, og sikre kvalitet og relevans i helsefagutdanningane gjennom oppgåver på bachelor-/masterutdanninga som kan vere nyttig for praksisfeltet.
 
 NTNU i Ålesund og Ålesund kommune samarbeider allereie om prosjekt innan klinisk sykepleie, helsetenesteforsking og velferdsteknologi. Prosjektet er ei vidareutvikling av dette samarbeidet.   
 
Kommunen og NTNU arbeider også med å inngå ein avtale om universitetskommunesamarbeid  om smarte berekraftige samfunn.

Du kan lese heile avtalen om samarbeid innan smart helse og velferd her:

Ålesund universitetskommune - avtale (PDF, 164 kB)