Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Skal kartlegge kvikkleire i kommunen

lesund sett fra Pilen Skarbøvik web

NVE utfører i år regional kvikkleirekartlegging i Ålesund kommune i utvalgte områder basert på befolkning og «moglegheit for leire» frå kvartærgeologiske kart.

 

 

Kartlegginga i kommunane vert utført av Multiconsult og vil halde på i ca. 1 år med oppstart feltsynfaringar i løpet av april/ mai 2018 og påfølgjande grunnboringar og vurderingar i 2018 og 2019. I denne samanheng ber vi om velvilje blant grunneigarar for feltsynfaringar og seinere grunnundersøkingar.

Kartlegginga har som mål å kartlegge områder med potensiell fare for store, naturleg utløyste kvikkleireskred med faregrad, konsekvens og risiko. Kartlegginga er grov, ofte med berre ei grunnboring i kvar sone, og basert på terrengkriterier. Det vil difor også kunne eksistere kvikkleire utanfor dei eventuelt kartlagte kvikkleiresonene og behov for meir detaljerte utgreiing med stabilitetsberekningar i eventuelt kartlagte soner ved utbygging. For areal- og byggeplanar vil alle områder under tidligere havnivå (marin grense er høgaste grense for der det kan finnast kvikkleire) vere aktsemdsområder for kvikkleire.

For meir informasjon om kvikkleirekartlegginga, sjå https://www.nve.no/flaum-og-skred/kartlegging/kvikkleireskred/

Resultatet av den regionale kvikkleirekartlegginga med eventuelle kvikkleiresoner vert presentert på NVE Atlas og på kommunens heimesider når desse føreligg.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119