Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Opning av kystpilegrimsleia

Borgund kirkeBorgund er eitt av knutepunkta i den nye kystpilegrimsleia, som vert opna i juni. Søndag 24. juni markerer ein dette med pilegrimsgudsteneste og foredrag.

Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom Riksantikvaren, fem fylkeskommunar og fire bispedøme frå Rogaland i sør til pilegrimsmålet Nidaros i nord.

Nytt reiselivsprodukt med innhald og meining

Målet med Kystpilegrimsleia er å ta opp att og bruke seglingslei frå Stavanger til Trondheim, slik dei gjorde i mellomalderen, som eit miljøvenleg og berekraftig reiselivsprodukt.

Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilage stadar, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.

Les meir om Pilegrimsleia her

Opnar med seglas i juni

Kystpilegrimsleia blei godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim i desember 2017. Opninga skal markerast langs heile leia i juni 2018, mellom anna med ein seglas frå Stavanger til Trondheim.

I tida 18. - 23. juni 2018 vil båten reise gjennom Møre og Romsdal.

Pilegrimsgudsteneste i Borgund kyrkje

Borgund er plukka ut som eitt av seks knutepunkt i Møre bispedøme på Kystpilegrimsleia. Dette vert markert med ei pilegrimsgudsteneste i Borgund kyrkje søndag 24. juni kl. 11.00.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og foredrag på Middelaldermuseet. Tema for foredraget, som vert halde av Heidi Albertinesdatter Haugene, er: «Utgravingane på Borgund – frå vikingtid og middelalder».

Ålesund kommune er blant arrangørane, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, Den norske kyrkja, Sunnmøre museum og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

I Borgund kyrke vil det også vere pilegrimsgudsteneste kl. 11 kvar onsdag i skuleferien i sommar.

Følg Kystpiltgrimsleia på Facebook

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119