Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Nå kan du få rask psykisk helsehjelp

Her er døra inn til rask psykisk helsehjelp, i Fagervikgata 11 på KllipraSlit du med lettare former for angst, depresjon eller søvnproblem? Nå kan du få rask hjelp, utan tilvising frå lege. Gratis.

På Klipra, i det brune trehuset like ved fylkestannlegen, har Ålesund kommune nå starta med lavterskeltilbodet «Rask psykisk helsehjelp».

-Vi opna dørene på gløtt i midten av juni. Nå, etter sommerferien, startar vi opp for fullt, fortel Magne Sellereite, som leier nysatsinga.

Rask psykisk helsehjelp (RPH)

Dette er eit offentleg helsetilbod som har vist gode resultat i fleire andre kommunar.

- Vi er eit tverrfagleg team som består av psykolog, psykiatrisk sjukekepleiarar og sosionomar. Vi nyttar kognitiv terapi i behandlinga, seier Sellereite. - Det krev at du sjølv må delta aktivt, mellom anna gjennom heimeoppgåver og øvingar.

- Hos oss kan du kan få hjelp til å endre tankemønstre og åtferd som skapar problem for deg og bli betre i stand til å handtere vanskelege kjensler.

Lett tilgjengeleg

Her kan du få hjelp, utan lang ventetid, slik at problemena ikkje utviklar seg. Målet med behandlinga er at du skal oppleve at du meistra kvardagen, får det betre og mindre symptom. 

- Det skal vere lav terskel for å søke hjelp her. Tilbodet er gratis og det krev inga tilvising frå lege. Alle innbyggarar over 16 år som er busett i Ålesund, kan nytte seg av det når dei har behov, seier Sellereite.

Slik søkjer du Rask psykisk helsehjelp

For å benytte deg av tilbodet må du sjølv ta kontakt med oss på ein av desse måtane:

  • Kontaktskjema
  • Tlf. 48 19 78 26. Telefontid er tirsdag og torsdag kl. 13.00 -14.30.Hvis du ringer utenom telefontid kan du legge igjen en beskjed, så ringer vi deg tilbake. Legger du ikke igjen beskjed vil du ikke bli kontaktet.

Kvar fredag har vi teammøte kor alle henvendelsar blir vurdert. Vi prøver å kontakte deg i veka etter. Dersom tilbidet vårt ikkje er aktuelt vil du få veiledning om eventuelle andre tilbod.

Merk at hvis du har meir alvorlige psykiske lidelsar eller har behov for akutt hjelp må du ta kontakt med legevakt på telefon 116 117 eller din fastlege på dagtid for øyeblikkeleg hjelp-time. 

Les meir om rask psykisk helsehjelp på nettsida www.alesund.kommune.no/rph

Følg rask psykisk helsehjelp på www.facebook.com/raskpsykiskhelsehjelpalesund/ www.facebook.com/raskpsykiskhelsehjelpalesund/ 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119