Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Få barna til å lese

sommerles2018 facebookEr barna dine glad i å lese? No startar lesekampanjen Sommarles 2018 for barna i barneskulen. Dei kan vinne mange kule premiar – berre ved å registrere kor mange bøker dei les.

Målet med den digitale lesekampanjen er å motivere barna til å lese og finne lesegleda gjennom ein lang sommarferie.
I kommunen vår er det Ålesund bibliotek som arrangerer Sommarles 2018.

bli med på Sommarles 2018

Frå 1. juni til 31. august kan barna registrere og samle poeng for alle bøkene dei les inne på nettstaden sommarles.no. På nettstaden kan barna samle poeng for teikneseriar, e-bøker, lydbøker eller bli lese for av ein vaksen. Der finn dei dessutan lesetips, kjekke oppgåver, spel og mykje meir.

Har de ikkje nettilgang, kan barna delta med eit vanleg lesepass. Lesepass får de på biblioteket.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119