Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Frå Ålesund til Ornavik, Normandie

IMG 4595 web

2. mai fekk Ålesund og Giske kommune besøk frå Frankrike og organisasjonen «Les Vikings an 911».  Gjennom besøk på Giske og i Ålesund gjekk dei i Gange-Rolv sine fotspor.

 
Formålet med besøket er å promotere vikingelandsbyen Ornavik ved Caen, eit prosjekt som har vore opent og under videreutvikling sidan 2009. Turiststaden skal vere ferdig for ein større presentasjon i 2021 som eit av dei viktigaste nasjonale turiststadene for å vise historia om Normandie.  Ornavik er den einaste franske turiststaden som er medlem av Destination Viking Association, som viser til dei viktigaste vikingturiststadene på verdensbasis.  Organisasjonen skal besøke 15 stadar i Europa.

Skal filme og springe gjennom Europa

 Frå venstre: Christian Sebire, grunnlegger av prosjektet Ornavik, guide Geir Haram, Lionel Rivoir, Pantxika Hernandorens (tolk og TV-produsent) og Catherine Revoir.


Organisasjonen « Les Vikings an 911» er representert på Sunnmøre med frå venste i fotoet Christian Sebire, grunnleggar av prosjektet Ornavik, (guide Geir Haram,  Lionel Rivoir, Pantxika Hernandorens (tolk og TV-produsent) og Catherine Revoir.

Langdistanseløper Lionel Rivoire, som skal springe gjennom Skandinavia og ende opp i Normandie. Heile 15 stader skal dei besøke fram til 19. mai og filme og skape engasjement for Rollo, og alle stadane er reltatert til historia om Gange-Rolv. Ålesund og Giske er valt for å illustrere til franskmennene korleis vikingane levde og den viktige rolla dei hadde i Europa. 

Giske kyrkje og bautaen på Vigra

Representantar frå Giske kommune, Vikingar og besøket frå Frankrike.

Dagen vart starta i Giske kyrkje og det franske besøket fekk sjå stamtavla som startar med Rolf (Rollo) og viser deretter slektskap med det engelske kongehuset. Frå Giske kommune deltok kultursjef Frode Synnes, ordførar Harry Valderhaug og varaordførar Britt Giske Anderssen som møtte franskmennene ved kyrkja og på Vigra.

IMG 0840Ved sjøkanten på Vigra står det ein bauta som vart satt opp i 1911. Ut frå denne stranda segla Gange Rolv ut frå, i følgje historiebøkene frå 1600-talet. Her deltok ein rekkje utkledde vikingar og med tent bål og representantar frå historielaget vart det ei flott setting for dei besøkande frå Normandie.

 

 

 

 

 


Guiding og besøk på Sunnmøre museum

Omvisning på Sunnmøre museum med Jarle Skuseth.

Det franske besøket vart guida rundt i Ålesund av Geir Haram frå Ålesund guideforening. Gjennom Kongens gate og opp til statua av Gange Rolv i byparken før eit besøk på Hellebroa og utprøving av benkene som får fjernvarme frå Grautneset.
På Sunnmøre museum vart det ei flott omvisning av Jarle Skuseth, ansvarleg for utstillinga om Gange Rolv. Her møtte følget ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, ordførar i Giske kommune Harry Valderhaug, varaordførar Britt Giske Anderssen og kultursjef Frode Synnes.

Vil du vite meir?

Vikingelandsbyen Ornavik har eiga nettstad kor også filminga frå Sunnmøre kjem etterkvart. Sjå meir her: www.ornavik.fr

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119