Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Exit lokaldemokrati?

Exit lokaldemokrati - plakat for folkemøteNye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, lag og foreiningar til å diskutere korleis vi saman kan utvikle lokalsamfunna i den nye kommunen.

Ei av målsettingane i kommunereforma er å få eit styrka lokaldemokrati. Dei kritiske røystene har hevda at større avstandar i den nye kommunen vil føre til at innbyggarane får mindre påverknad.

Den nye kommunen har vedtatt at vi skal ha kommunedelutval, men korleis skal vi organisere desse? Kven skal vere med og kva saker skal utvala ha ansvaret for? Å få til løysingar som sikrar at innbyggarane har reell påverknad på lokalsamfunnsutvikling, er ein avgjerande suksessfaktor for å ivareta lokaldemokratiet i den nye kommunen.

Dei eksisterande kommunane er kjenneteikna av mange engasjerte innbyggarar og organisasjonar med eit hjarte for lokalsamfunnet sitt. I dei ulike delane av den nye kommunen er det allereie etablert ulike strukturar for godt samarbeid mellom kommune, frivillig arbeid og næringsliv. Det er viktig å kunne bygge vidare på dei, samstundes som vi opnar for nye måtar å samhandle på.

Nye Ålesund inviterer til møte der alle kan vere med å bygge framtida i sitt lokalmiljø. Det vil bli korte innleiingar følgd av gruppediskusjonar.

Kom på møte

Alle dei fem kommunane i nye Ålesund skal ha slike møte:

  • 22. mai: Ålesund – Bystyresalen, Ålesund rådhus: 18.30 - 20.00
  • 24. mai: Sandøy – Sandøyhagen: 17.30 – 19.00

Det vert underhaldning og servering av forfriskningar..

Ditt engasjement i lokalmiljøet bygger framtida vår.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119