Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Nytt namn på facebooksida til nye Ålesund

nye alesund kommune eidet omsorg haram tonemolnes TMO7659 cropNye Ålesund si facebookside har skifta namn frå Tilsette i nye Ålesund til Nye Ålesund kommune. Sida er for innbyggarar og tilsette i den nye kommunen.


Facebooksida Nye Ålesund kommune er for alle som er interesserte i kva som skjer i samband med kommunereformen. Det er mogleg å publisere innlegg på veggen og stille spørsmål både i melding og på sjølve veggen.

Bakgrunnen for namneskiftet på Facebook er at prosjektet er kome i ei fase der avgjerdene som blir tatte i stadig større grad gjeld alle i nye Ålesund - både tilsette og innbyggarane. Det vil framleis vere informasjon som gjeld tilsette på sida.

Her vil du finne informasjon om kva som skjer i prosessen, men også små drypp frå dei fem kommunane som skal slå seg saman - litt skjemt og litt alvor. Facebooksida blir brukt til informasjon frå prosjektorganisasjonen som bygger den nye kommunen, men all informasjon om bygginga vil du finne på nyealesund.no. Viktig informasjon vil aldri berre kome på Facbook.

Det er ikkje naudsynt å like Facebooksida Nye Ålesund kommune om du er ueinig i reformen, men det kan vere lurt å følge ho, slik at du får med deg informasjon som gjeld deg som innbyggar eller tilsett.

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal slå seg saman 1. januar 2020 og danne Ålesund kommune - ein heilt ny kommune med rundt 65 000 innbyggarar .

Lenke til facebooksida.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119