Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Stikk ut 2018

stikkutNo har det snart gått eit år sidan sist og 1. mai opnar endeleg Stikk UT!-sesongen 2018. I år har du heile 381 turar å velje mellom. 

Antallet turar er høgt fordi Sunnmøre Friluftsråd slår seg saman med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i ei felles nettside for Stikk UT!.

Det betyr at brukarane får heile 381 turar i 30 kommunar å boltre seg i. Kartbrosjyren, med kart også for Nordmøre og Romsdal, kjem i posten i denne veka. Ulstein, Volda og Ørsta kommune er også med for første gong.

Turar for alle

Årets turar har noko for dei aller fleste: Korte og lange, bratte og flate, fjell og fjøre, kyst og innland. Også dei som vil på tur med barnevogn, sykkel, rullestol eller rullator vil finne turar som passar.

Sjå gjerne alle turane digitalt i nettsida til Friluftsrådet her.

Slik gjer du det

På turmåla er det sett opp turkasse der du både finn koden for Stikk UT!-turen og besøksbok du kan signere i. Nokre stader er der berre kode, ikkje turbok.

Du må registrere koden på nettsida til Sunnmøre friluftsråd under Stikk UT! eller i mobilappen Morotur (last ned gratis til mobiltelefon) for å få turen registrert. Det er ikkje nok å skrive namnet ditt i turboka!

1. Gå inn på «Registrer deg» og fyll ut skjemaet. Under «Familiemedlemmer» kan du føre opp barn som ikkje har eiga e-postadresse. Når du seinare registrerer turkodar kryssar du av for dei som var med på turen.
 
2. På «Mi side» får du oversikt over turane dine.
 
3. «Toppliste» og «Statistikk» gir deg oversikt over både eigne og andre sine turar og turmål.
 
4. Under «Turar», «Sjå turar» og kvart kommunenamn finn du detaljert informasjon om kvart turmål.
 
5. Du kan registrere turkodane på nettsida  eller i mobilappen "Morotur". 
 

No er det berre å glede seg - vel møtt til Stikk UT! 2018 frå 1. mai til 31. oktober!

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119